
Men me rakk ein kaffikopp og god prat på Kronstad før han entra bybana ut til Flesland.
Henrik er frå Kongsberg. Før han vart vald til leiar av Studenttinget 2023-2024 fullførde han bachelor i allmenn maskinteknikk i HVL.
Kvifor valde du å studera ved Høgskulen på Vestlandet?
- Det var eigentleg litt tilfeldig, men det gode omdømet til ingeniørutdanninga i Bergen var viktig. Det er eit omdøme eg kjende til heilt frå tida som Høgskolen i Bergen. Eg vurderte fleire ingeniørutdanningar i Noreg, men HVL og Bergen var ein av to som utmerka seg.
Kva er framtidsplanane?
- Eg brukar dette året på å finna ut om eg vil gå vidare på den tekniske vegen eller gå den administrative, litt meir i den gata eg driv med no. So vurderer eg om eg skal stilla til val eit år til, og om eg skal ta ein master eller gå ut i arbeidslivet. Det er eg faktisk ikkje heilt sikker på.
Korleis vart ditt eige studentengasjement til?
- Eg hadde lite nettverk og kjenningar då då eg kom til Bergen, men eg vart med i linjeforeininga for maskiningeniør. Etter det byrja eg med klatring i BTSI Klatring 23/24 (Bergen Teknikersamfund Idrett, studentidrettslaget ved HVL). Etter litt vart eg leiar i BTSI . So vart eg kjend med folk i arbeidsutvalet i Studenttinget og bestemte meg for å stilla til val.
Kva eigenskapar bør leiar for Studenttinget ha?.
- Ein må sjå og arbeida for verdien av studentdemokratiet. Det er viktig å stilla opp og samla folk, dog kunna sjå samanhengar og byggja opp system.
Kva er det beste ved å vera tillitsvald for studentane?
- Det er å bli kjent med folk og å sjå dei ulike campusane. Eg opplever også at me gjer ein skilnad ved arbeidet vårt, anten det er småe eller store steg.
Kva er det verste?
- Det er litt for mange tilbakemeldingar frå studentar som vert spurde om å ta verv eller å vera frivillege at dei ikkje har tid.
Nett i desse dagar er det val. Gjer de noko ekstra for å få opp engasjementet?
- Ja, me driv ganske omfattande mobilisering. Det eg håpar er at me er inne i eit mellombels svekka engasjement etter koronaen. Eg håpar at det er tale om ein dal og at det tek litt tid å få det opp att til gode høgder. Eg er glad for dei kandidatar som stiller, men skulle gjerne hatt fleire. Og eg håpar på god oppslutnad i sjølve valet, at studentane brukar røysteretten sitt til å røysta.
Kva er hovudutfordringa for studentdemokratiet?
- Det er å rekruttera fleire tillitsvalde. Og so treng med å gjera å gjera Studenttinget kjent. Studentane treng ikkje vita alt, men dei treng å vita at det er eit system som er der for studentane. Det er ei utfordring for demokratiet om det vert låg deltaking.
Og kva er dei viktigaste sakene i Studenttinget?
- Akkurat no er det to saker me er særleg opptekne av. Det eine er demokratitida i HVL. Den må respekterast. Tida mellom klokka 14 og 17 på onsdagar må skjermast betre for studentdemokrati og studentorganisasjonar.
- Det andre er at studentane treng meir føreseielege vilkår når dei skal ut i praksis. Det faktum at fleire studentar er deltidsarbeidande gjer at det krev god og meir langsiktig planlegging.
Kva skjer på haustkonferansen til NSO?
- Det er ein arena for erfaringsutveksling for studentrepresentantar frå universitet og høgskular i heile landet. Eg gler meg!
Takk for praten, Henrik!
God helg og lukka til i Kristansand.
Du må helsa Alexander og Oline og resten av gjengen alt godt!