To store jubileum i 2024

Dette er jubileum som markerer hendingar med opphav på Vestlandet, hendingar som har hatt ringverknader for heile Noreg fram til vår eiga tid.

I 2024 er det 1000 år sidan kristenretten vart innført av Olav Haraldson på det gamle tinget på Moster. I 2024 er det 750 år sidan Noreg fekk si første landsdekkande lov, landslova av 1274.

Professor Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Oslo har skrive ei vakker og god bok om kong Magnus Lagabøter og landslova av 1274. Boka kom ut i haust og byggjer på omfattande og oppdatert forsking, men er lettlesen og fint illlustert.

Forfattaren viser fram landslova sitt norske og europeiske opphav, der både kristenrett og impulsar frå dei første universiteta gjorde seg gjeldande, og får fram for eit nybrottsarbeid lovverket var i samtida. Like so interessant er den lange verknadshistoria. Lova vart verksam og viktig i Noreg i fleire hundre år, ogso under dansk herredøme.

Jørn Øyrehagen Sunde set dette i samanheng med at lova ikkje var for detaljert og heller ikkje demonstrerte rå kongemakt. Heller gav lova grunnlag for at lagmannen, den lovkunnige, fekk verka inn og at tinget fekk ein sentral plass i rettsprosessen som domstol.

Dermed kunne lovtomme rom fyllast og også lova setjast til side om ho var for streng eller mild. Forfattaren meiner at nett desse sidene ved lova gjorde ho kom i hyppig bruk, innbyggjarane hadde interesse for at lova vart nytta og utvikla eigarskap til ho.

Det var likevel ikkje fritt fram for lagmann og ting. Den lovskapande aktiviteten måtte utfalda seg innanfor rammene av «dei guddommelege søstrer,» søstrer som kvar for seg var berarar av verdiar. Verdiane var rettferd, miskunn, sanning og fred.

Desse måtte takast omsyn til når tinget dømte etter landslova. Ein dom som var rettferdig, miskunnsam og sann, og som la grunnlag for ei fredeleg utvikling, var ein dom i medhald av landslova.

Rettferd, miskunn, sanning og fred. Det er er verdiar som bør råda ogso i jubileumsåret 2024.