Reglement for dekking av bu- og reiseutgifter knytt til praksis

1.1 Føresetnad for dekking av bu-utgifter

Reglement for dekking av bu-utgifter i praksis gjeld for studentar som tar utdanning med rammeplan-/studieplanbestemte praksis og som har behov for bustad på praksisstaden. Tilskot til bu-utgifter på praksisstaden blir dekka når studenten beheld bustaden sin på studiestaden og ikkje har framleige av denne. Studenten skaffar sjølv bustad i praksisperioden. Praksisfordeling bør vere klar seinast tre veker før praksis tar til. I spesielle tilfelle kan det gjerast særskilt avtale mellom studentane og høgskulen.

1.2 Reglementet gjeld ikkje for:

  • Studentar som deltar i internasjonale utvekslingsprogram.
  • Studentar på studium med ekstern finansiering.
  • Studentar som sjølv skaffar seg praksisplass, med mindre dette er avtalt på førehand med høgskulen.
  • Studentar som bur hjå foreldre eller eigen bustad i praksisperioden får ikkje dekka boutgifter.

1.3 Kva blir dekka?

Studentar som treng å leige ekstra hybel i samband med praksis, må sjølv skaffe hybel og inngår kontrakt med utleigar. Høgskulen dekker inntil kr 1250 pr. veke inkl. strøm og internett. Betalt husleige må dokumenterast med kontrakt og kvittering på betalt husleige. Høgskulen dekker utgifter til ei reise til/frå studiestadadresse til hybeladresse.

Studenten sjølv har ansvar for å inngå nødvendige forsikringar. Høgskulen bistår ikkje med erstatning dersom det skulle oppstå brann, innbrot m.m.

1.4 Reiseutgifter mellom skule og praksisstad

  • Høgskulen dekker ei reise tur/retur pluss eventuelle obligatoriske samlingar i praksisperioden.
  • Reisa skal skje på billegast mogleg måte, det vil seie bruk av kollektivtransport.
  • Når kollektivtransport ikkje er mogleg eller tar urimeleg lang tid, brukar ein km-sats på kr. 2,50 og eventuelt passasjertillegg kr. 0,45. Studentane blir oppmoda til samkøyring når to eller fleire studentar har praksis på same staden.
  • Ekstrakostnadar utover ferje og bom blir dekka etter dokumentasjon.

1.5 Frist for å sende krav

Søknad om refusjon av kostnadar med vedlegg på tur/retur-reise- og betalt hybelleige skal leverast snarast og seinast tre veker etter avslutta praksisperiode/emne.

Ved manglande dokumentasjon vil studenten bli gjort merksam på det. Dersom nødvendig dokumentasjon ikkje blir lagt fram innan kort tid, vil søknaden bli returnert ubehandla.

2 Dekking av pendleutgifter mellom bustad og praksisstad

Dersom ein ikkje kjem med krav om bustønad, kan ein få tilskot til daglege pendlarutgifter i samband med praksis. Retningslinjer for dekking av reiseutgifter knytt til praksis gjeld for studentar som tar utdanning med rammeplan-/studieplanbestemte praksis. I spesielle tilfelle kan det gjerast særskilt avtale mellom studentane og høgskulen.

2.1 Reglementet for dekking av pendleutgifter mellom bustad og praksisstad gjeld ikkje for:

  • Studentar som deltar i internasjonale utvekslingsprogram.
  • Studentar på studium med ekstern finansiering.
  • Studentar som sjølv skaffar seg praksisplass, med mindre dette er avtalt på førehand med høgskulen.

2.2 Daglege pendleutgifter blir dekka etter følgjande kriterium:

  • Utgifter ved reiser mellom bustad og praksisstad blir dekka med overskytande beløp utover kr. 125,- per veke.
  • Reisa skal skje på billegast mogleg måte. Det vil seie bruk av kollektivtransport og med periodekort/rabattkort (studentkort) der det er mogleg.
  • Når offentleg transport ikkje er mogleg eller tar urimeleg lang tid, brukar ein km-sats på kr. 2,50 og eventuelt passasjertillegg kr. 0,45. Studentane blir oppmoda til samkøyring når to eller fleire studentar har praksis på same staden.
  • Ekstrakostnadar utover ferje og bom blir dekka etter dokumentasjon.
  • Maksimal stønad er avgrensa inntil kr. 1250,- per veke

2.3 Frist for å sende inn krav

Søknad om refusjon av kostnadar med vedlegg på pendleutgifter skal sendast snarast og seinast tre veker etter avslutta praksisperiode/emne.

Ved manglande dokumentasjon vil studenten bli gjort merksam på det. Dersom nødvendig dokumentasjon ikkje blir lagt fram innan kort tid, vil søknaden bli returnert ubehandla.

Reglementet er vedtatt av prorektor for utdanning 12. oktober 2018. Det blir lagt opp til årleg revisjon av reglement og satsar.