
Strategi 2019–2023
Høgskulen på Vestlandet skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. I utdanning, forsking og utviklingsarbeid skapar vi ny kunnskap og kompetanse, forankra internasjonalt og omsett til løysingar som verkar lokalt.
Kunnskap som bygger menneske og samfunn
Visjon
I den profesjons- og arbeidslivsretta profilen vår står samspel, berekraft og nyskaping sentralt.
- Samspel handlar om samhandlinga både med omgjevnadane og internt i høgskulen. Det trengst fleirfagleg kompetanse for å finne gode løysingar på utfordringane i samfunnet. Vi vil utvikle ny kunnskap i tett samspel med omverda. Vi har noko å tilføre kvarandre – mellom fagmiljø, mellom campusar og mellom tilsette og studentar.
- Berekraft handlar om vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Med breidda i faga våre er alle dei 17 berekraftmåla som FN har sett relevante for oss. HVL skal vere ei drivkraft for berekraftig utvikling.
- Nyskaping handlar om å forbetre produkt og tenester, vidareutvikle profesjonar og teknologi, arbeidsmetodar og undervisningsformer. Vi skal vere innovative og utruste studentane med kompetanse som gjer dei kreative, løysingsorienterte og nyskapande.
Vestlandet - regionen vår
Universitetet som vi saman skal arbeide for å bli, skal vere ein viktig skapande faktor i utforminga av det framtidige Vestlandet.
Historisk har Vestlandet vore prega av egalitær samfunnsstruktur med sjølveigande bønder, kystkvinner og lokalt entreprenørskap, sterke motkulturar og folkerørsler – og ikkje minst spreidd busetnad. Byen var Bergen. Sjølv om det har budd folk i Vest-Noreg i meir enn ti tusen år, kan ein først spore tanken om eit «Vestland» tilbake til midten av 1700-talet.
Nokre av kjenneteikna ved landsdelen vår i dag er:
- Store naturressursar: Fisk, rein energi, olje og gass
- Internasjonalt og industriretta næringsliv med mykje eksport
- Kunnskapsmiljø i verdsklasse
- Havet, sjøen, fjordane, fjella
- Fjordbygder, ferjer og kystbyar
- Veksande byområde og bygdesamfunn under press
- Regiondialektane og nynorsken
Verdiar
I arbeidet vårt skal vi vere utfordrande, delande og tett på.
- Utfordrande: Vi stiller spørsmål ved det etablerte ved å fremme handlekraft, kritisk tenking og evne til refleksjon.
- Delande: Kunnskap veks når den blir delt. Gjennom dialog med samfunnet og kvarandre, bidrar vi til at ny kunnskap veks og får gjennomslagskraft.
- Tett på: Det er nærleik mellom studentar og tilsette, og mellom høgskulen og arbeidslivet vi utdannar til – og saman med. Vi arbeider praksisnært og vidareutviklar studia til beste for regionen.
Nøkkeltal 2019
- 16.590 studentar
- 1716 årsverk
- 42 bachelorprogram
- 35 masterprogram
- 5 ph.d.-program
- 1 fagskule for dykkarutdanning
- 9 forskingssentre
Om strategien
Strategien til HVL bygger på fusjonsavtalen og interne grunnlagsdokument, Magna Charta Universitatum og eksterne føringar, i tillegg til drøftingar med studentar, tilsette og samarbeidspartnarar.
Den skal gi organisasjonen ei tydeleg retning, og med utgangspunkt i strategien skal vi utarbeide planar for å konkretisere korleis vi skal realisere måla. Fakulteta sine strategiar skal bygge opp under den overordna strategien.
PDF-versjonar
Fakultetsstrategiar