Handlingsplan for internasjonalisering 2021-2024

Høgskulen på Vestlandet skal ta ein internasjonal posisjon, og jobbe målretta for utdanning og FoU-aktivitet av høg internasjonal kvalitet. Gjennom samspel med internasjonale samarbeidspartnarar og ved deltaking i internasjonale nettverk skal HVL bidra til å utvikle ny kunnskap og finne nye løysingar for utfordringane i samfunnet.

Arbeidslivsrelevans, mangfald og berekraft skal prege den internasjonale satsinga i HVL og samarbeid i Europa skal særskilt styrkast. 

  • Arbeidslivsrelevans handlar om å sikre fagutvikling og kritisk refleksjon av kunnskapsgrunnlaget for utdanningane våre, og den internasjonale dimensjonen er ein viktig del av dette. Høg internasjonal kvalitet er eit sentralt punkt på vegen mot å bli eit profesjons-og arbeidslivsretta universitet.

  • Mangfald er viktig i internasjonaliseringsarbeidet. Kunnskap som bygger menneske og samfunn er visjonen til HVL. HVL sine campus skal være mangfaldige møteplassar som tiltrekker seg internasjonale studentar og forskarar frå heile verda, og gjennom dette skal campusane vere ein arena for bygging av menneske og samfunn.

  • Berekraft skal prege internasjonaliseringsarbeidet. HVL skal jobbe for sterkare internasjonalt samarbeid kring FNs berekraftsmål og legge til rette for miljøvenlege løysingar både når det gjeld reiser og gjennom eit fokus på utvikling av digitale løysingar og verktøy, og utvikling av internasjonalisering heime.

  • Europa er eit viktig satsingsområde for HVL, både gjennom forskings- og utdanningssamarbeid og mobilitet for studentar og tilsette. HVL skal prioritere å utvikle partnerskap med utvalde partnarar i Europa, og ta aktivt del i dei nye utdannings - forskings- og innovasjonsprogramma Horisont Europa og Erasmus +.

Handlingsplanen tar for seg to inngangar til dette arbeidet. HVL skal ta ein internasjonal posisjon er målet for det utadretta arbeidet, der HVL skal vere ein synleg aktør og medverke til utvikling av forsking og utdanning. HVL skal medverke til mangfald og utdanne verdsborgarar er målet for det interne arbeidet for å styrke det internasjonale perspektivet i utdanningane, og skape mangfaldige campusar.

HVL skal ta ein internasjonal posisjon 

HVL har samarbeid over heile verda for å sikre dette, men skal ha ekstra fokus på å styrke samarbeidet med Europa i perioden 2021-2024. HVL skal ta ein internasjonal posisjon gjennom fire delmål. 

HVL skal delta i internasjonale nettverk og partnarskap knytt til sine satsingsområde

Tiltak: 

  • Utvikle dei viktigaste internasjonale nettverka for HVL, både faglege og institusjonelle.

  • Aktivt ta del i prosessar der internasjonal forskings-og utdanningspolitikk vert utforma. 

  • Gjennom samhandling med regionale nærings-og arbeidslivsaktørar, dra nytte av internasjonale nettverk til å identifisere mogelege utdannings-og forskingssamarbeid.

  • Prioritere samarbeid med strategisk utvalde partnarar i Europa.

  • Utvikle digitale løysingar i forskingssamarbeid til dømes digitale forskingskonferansar.

  • Legge til rette for at tilsette kan ha internasjonale forskingsopphald og Erasmus tilsettutveksling.

  • Internasjonalisering bør vere ein eksplisitt del av medarbeidar-samtalar for alle vitskapelege tilsette.

HVL skal auke si tildeling i forskings-, utdannings-, og innovasjonsprogram

Tiltak: 

  • Kvart fakultet skal sende fleire strategisk forankra søknadar innan EU sine rammeprogram.

  • Heve fagleg og administrativ kompetanse innan ekstern finansiering og søknadsarbeid.

  • Utvikle fleire gode EU-prosjekt saman med regionale og internasjonale partnarar.

  • Legge til rette for samarbeid om EU-prosjekt på tvers av fakultet

HVL skal vere ein synleg aktør i utvaldefaglege og institusjonelle fora

Tiltak:

  • Delta i internasjonale UH-rankingar

  • Auke internasjonal sampublisering

HVL skal arbeide strategisk med internasjonalisering i heile organisasjonen

Tiltak: 

  • Sikre rett kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet til internasjonalisering i fakulteta og fellesadministrasjonen og ivareta god arbeidsdeling.

HVL skal medverke til mangfald og utdanne verdsborgarar

HVL skal tilby utdanningar med høg kvalitet og med ein tydeleg internasjonal dimensjon. Studentane vert utrusta med ein internasjonal kompetanse som gjer dei til kreative, løysingsorienterte og nyskapande verdsborgarar som bidreg til å løyse utfordringane i samfunnet i eit berekraftig perspektiv.  HVL skal medverke til mangfald og utdanne verdsborgarar gjennom fem delmål. 

Samla skal minst 30% av uteksaminerte studentar ved HVL ha hatt eit utvekslingsopphald, halvparten av desse gjennom Erasmus-programmet

Tiltak:

  • Promotere Erasmus-programmet som føretrekt utvekslingsprogram.

  • Alle studieprogram skal ha mobilitetsvindauge, fortrinnsvis på 3 månader eller meir.

  • Promotere praksisutveksling og knytte det til regionalt nærings-og arbeidsliv.

  • Fagleg leiing skal legge til rette for utvekslingsavtalar og aktivt oppmode studentar til utveksling.

  • Alle studieprogram bør utvikle førehandsgodkjente emnepakker for utveksling med utvalde partnarar.

  • Vidareutvikle ordning med miljøstipend for Erasmus-utveksling

Internasjonalisering skal vere ein integrert del av studieprogramma–internasjonalisering heime

Tiltak:

  • Auke internasjonalt utdanningssamarbeid ved bruk av gjesteforelesarar, bi-rettleiing, og virtuell utveksling (t.d. COIL).

  • Læringsutbytte og pensum skal spegle internasjonalt mangfald.

  • Alle studieprogram bør kople utvekslingsavtaler til forskingssamarbeid.

  • Tilby kurs i engelsk og norsk som framandspråk for tilsette og studentar.

HVL skal auke bruken av digitale løysingar og verktøy i internasjonaliseringsarbeidet

Tiltak:

  • Heve fagleg og administrativ kompetanse på bruk av digitale løysingar og verktøy i internasjonalisering.

  • Alle studieprogram skal legge til rette for auka bruk av virtuell mobilitet og bruk av digitale løysingar som t.d. samarbeid om felles emneog felles rettleiing.

HVL sine campus skal ha eit internasjonalt preg og vere mangfaldige møteplassar for studentar og tilsette

Tiltak:

  • Auke talet internasjonale studentar på kvart campus. 

  • Alle studieprogram skal ha studiepakkar for innkomande utvekslingsstudentar, enten eigne eller i samarbeid med andre.

  • Kvart fakultet skal tilby minimum ein heilgrad på engelsk for å kunne rekruttere fleire internasjonale studentar.

HVL skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar innan prioriterte fag-og forskingsfelt og tiltrekke forskarar og undervisarar som held eit høgt internasjonalt nivå

Tiltak:

  • Utvikle ein tiltaksplan for rekruttering-og mottak av internasjonale tilsette, og implementere Charter & Code.

  • Ved tilsetjing i vitskapelege stillingar bør internasjonal erfaring leggast vekt på.

  • Aktivt arbeide med integrering av internasjonalt tilsett.

Korleis nå måla

Å bygge internasjonalt samarbeid for kvalitet i utdanning og forsking krev heilskapleg tenking, både på institusjonsnivå, fakultetsnivå og i fagmiljøa.

Delmåla og tiltaka  i handlingsplanen skal gje retning og prioriteringar  til arbeidet med internasjonalisering i heile HVL. Samstundes må dei omsettast til meir konkrete aktivitetar i årsplanene i fakulteta og i dei administrative avdelingane. Det er viktig at ansvar for dei ulike aktivitetane som vert definert under tiltaka er tydeleg definert, og at rapportering på måloppnåing vert gjort i samband med rapportering på årsplanar.