VINST-alliansen

VINST-alliansen er eit samarbeid mellom fleircampusinstitusjonane Nord universitet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Innlandet og Universitetet i Søraust-Noreg.

Alliansen har ansvar for forsking og høgare utdanning ved 27 studiestadar i heile Noreg med nær 62 000 studentar til saman.

Alliansen blei etablert i august 2023 og samarbeidsavtalen gjeld for tre år.

God tilgang til forskingsbasert utdanning i heile landet

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Innlandet, Nord universitet og Universitetet i Sørøst-Norge utviklar og vedlikeheld forskings- og utdanningsmiljø på høgt internasjonalt nivå. Gjennom eit langsiktig nærvær i både by og bygd, bidreg vi til å sikre god tilgang til forskingsbasert utdanning av høg kvalitet i heile landet.

Korleis institusjonane kan utføre samfunnsoppdraget sitt, blir sterkt påverka av nasjonal politikk, finansieringsmodellen, demografiske endringar, urbanisering og andre utviklingstrekk i samfunnet.

Alliansen arbeider aktivt for å gjera desse problemstillingane kjent.

Alliansen fekk noko gjennomslag for arbeidet med å styrke finansieringa av fleircampusinstitusjonar i statsbudsjettet for 2024. 

Forsking, utdanning, regional utvikling, kommunikasjon, kunstig intelligens og økonomi

I alliansen samarbeider vi også rundt andre områder. Det er etablert arbeidsgrupper innan forsking, utdanning og regional utvikling. I tillegg er det etablert samarbeid kring kommunikasjon, kunstig intelligens og økonomi. 

VINST-alliansen har møte med rektorane kvar månad. I 2025 har HVL sekretariatfunksjonen. I 2026 vil Universitetet i Innlandet overta sekretariatet for alliansen.

Lenker til kronikkar og aktueltsaker