VINST-alliansen
VINST-alliansen er eit samarbeid mellom fleircampusinstitusjonane Nord universitet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Innlandet og Universitetet i Søraust-Noreg.
Alliansen har ansvar for forsking og høgare utdanning ved 27 studiestadar i heile Noreg med nær 62 000 studentar til saman.
Alliansen blei etablert i august 2023 og samarbeidsavtalen gjeld for tre år.
God tilgang til forskingsbasert utdanning i heile landet
Alliansen arbeider aktivt for å gjera desse problemstillingane kjent.
Alliansen fekk noko gjennomslag for arbeidet med å styrke finansieringa av fleircampusinstitusjonar i statsbudsjettet for 2024.
Forsking, utdanning, regional utvikling, kommunikasjon, kunstig intelligens og økonomi
I alliansen samarbeider vi også rundt andre områder. Det er etablert arbeidsgrupper innan forsking, utdanning og regional utvikling. I tillegg er det etablert samarbeid kring kommunikasjon, kunstig intelligens og økonomi.
VINST-partnarane samarbeider også gjennom sine respektive europeiske universitetsalliansar:
- Høgskulen på Vestlandet: Alliance for Regional Transition, Equality, Mobility, Inclusion and Sustainability (Artemis)
- Universitetet i Innlandet: Empowering the Margins of Europe through Regional and Global Engagement (EMERGE)
Universitetet i Sørøst-Noreg: European Digital UniverCity (EDUC) - Nord Universitet: European University of the Seas (Sea-EU)
VINST-alliansen har møte med rektorane kvar månad. HVL hadde sekretariatfunksjonen i 2025. I 2026 er det Universitetet i Innlandet som har sekretariatet for alliansen.
Lenker til kronikkar og aktueltsaker
- 30. oktober 2025: Stabile rammer — sentraliserande grep (Khrono)
- 21. mai 2025: Fagleg kvalitet i by og bygd (Khrono)
- 21. mars 2024: Regjeringa må setje kraft i å styrka fleircampusinstitusjonar (Khrono)
- 22. januar 2024: Vi utdanner kompetente kandidater uavhengig av særkrav (Khrono)
- 15. august 2023: Høgskulen på Vestlandet inngår ny allianse (hvl.no)
