Kvinneleg student som held handa opp, og campusnamna skrive inn over kvar finger.

Velkommen til Open dag! 

Er du nysgjerrig på Høgskulen på Vestlandet og utdanningane våre? Til hausten og vinteren opnar vi opp campusane våre, så du kan komme på besøk og finne studiestaden som passar for akkurat deg.

Eit innblikk i korleis det er å vere student ved HVL

På open dag får du:

  • Sjå korleis campus ser ut 
  • Møte studentar og tilsette som vil fortelje deg om kva du kan studere.

Det kjem også til å vere ein student frå kvar campus til stades slik at du som er nysgjerrig på dei andre campusane, kan spørre om det du måtte lure på.   

Vi held til i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Med fem unike campusar fordelt over heile Vestlandet, har du ein unik sjanse til å finne utdanningen som passar deg best. 

studentliv Sogndal Falkeblikk 800 400.jpg

Påmelding til Open dag

Du kan sjølv bestemme om du ønsker å besøke ein eller fleire av våre campusar. Er du elev ved ein vidaregåande skule i nærområdet til ein av campusane, kan du høyre med din lærar eller rådgivar om skulen din har allereie meldt seg på open dag.  

Meld deg på open dag og få tilsendt program

 

Her er datoane for open dag

  • Haugesund: 4. november 2021  
  • Stord: 16. november 2021  
  • Førde: 2. februar 2022  
  • Sogndal: 8. og 10. februar 2022  
  • Bergen: 12., 13. og 14. februar 2022  

Bli kjent med campusane våre

Stord

opendagstord 800 400 Falkeblikk.jpg

Ein av Noregs vakraste campus ligg på Stord! 

  • Her kan du bu på sjølve campus og starte dagen med eit friskt morgonbad og ein rykande fersk kaffi i hagen.
  • Visste du at Stord har Noregs eldste lærarutdanning? 
  • Her kan du også bli sjukepleiar, barnehagelærar eller fordjupe deg  innan estetiske fag.
  • Dersom du er interessert i etter- og vidareutdanning innan helse- eller utdanningssektoren, finn du også eit stort utval av dette på Stord.
  • Studentforeningar og rike moglegheiter innan friluftsliv gjer det lett å fylle fritida utanom skulearbeidet. 

Det beste med Stord er alle dei fine turmoglegheitene vi har både i skogen, på fjellet og ved fine strender. I distriktet vårt, er det òg mange spektakulære fjellturar som passar å ta på fine fridagar. Vi har òg eit godt kultur- og idrettsmiljø. 

Malene Grov Almås (23), studerer grunnskulelærarutdanning 5-10 på Stord

Les meir om campus Stord her! 

Haugesund

haugesund 800 400 Falkeblikk.jpg

På den urbane og maritime campusen i Haugesund finn du eit spennande og unikt studietilbod

  • Visste du at vi har Noregs einaste branningeniørutdanning og at du kan kome og sjå korleis ein brannlab fungerer?
  • Kanskje du vil vite meir om nautikkstudiet og besøke vårt flotte simulatorsenter? 
  • På campus Haugesund har vi også eit stort tilbod innan sjukepleie og økonomi og administrasjon. 

Det beste med å bu i Haugesund er definitivt det gode miljøet på skulen. Campus har veldig gode fasilitetar med tanke på grupperom, lesesalar, kantine og bibliotek. Det er derfor lett å bli kjent med medstudentar og saman komme seg gjennom ein travel studiekvardag.

Andreas Amundsen Tøsse (27), studerer nautikk i Haugesund

Les meir om campus Haugesund her!  

Førde

opendagforde 800 400 Falkeblikk.jpg

Førde er staden for deg som vil ta ingeniørutdannning eller bli sjukepleiar, og vil ha kort veg til praksisfeltet

  • Mellom vakre fjell ligg det ein liten by med eit undervisningssjukehus og spennande bedrifter med tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.
  • Tek du ei ingeniørutdanning i Førde, har du gode sjansar for å få deg ein relevant studiejobb og vere rusta til arbeidslivet allereie før du er ferdigutdanna. 
  • Førde har også eit stort friluftslivtilbod, med kort avstand til fjell og fjord. 

Mindre klassar enn på dei større studiestadane, gjer at ein får lettare kontakt og tettare oppfølging med lærarane. Forelesningane er kunnskapsrike og inspirerande, og dette har mykje å seie for både motivasjon og læringsutbyttet. Mindre forhold gjer at ein blir godt kjende i klassen, og får eit godt studiemiljø på tvers av dei ulike utdanningane.

Vanessa Eide (34) , tidlegare student ved bachelor i elkraftteknikk i Førde


Les meir om campus Førde her! 

Sogndal 

opendagsogndal 800 400 Falkeblikk.jpg

I Sogndal finn du eit aktivt studentmiljø mellom fjord, fjell og bre

  • Her finn du eit variert studietilbod, både innan idrett, lærarutdanning, helse- og sosialfag og administrative fag.
  • Som student er det gode sjansar for at du rekk ein skitur før du startar dagen på campus. 
  • Korte avstandar til både fjord og fjell, sentrum og campus gjer at alt ligg til rette for eit godt og trygt studentmiljø.

Her er det gåavstand til det aller meste, noko som gjer det veldig enkelt å vere ein sosial og aktiv student. Studiebygda er også relativt lita, med kjende fjes overalt. Det er lav terskel for å engasjere seg i studentorganisasjonar og studentpolitikk. Dette har gjort studietida mi variert og spennande. Gode turmoglegheiter er også eit stort pluss!

Mari Hognestad (22) , studerer bachelor i landskapsplanlegging ved campus Sogndal


Les meir om campus Sogndal her! 

Bergen

opendagbergen Mauricio 800 400.jpg

Ønsker du å studere i ein storby med kort avstand til naturenog med eit tett student- og fagmiljø, er Bergen staden for deg

  • Visste du at du kan studere areal og eigendom, barnehagelærarutdanning, byggingeniør, bioingeniør, dataingeniør, drama og teater, ergoterapi, fysioterapi, grunnskulelærar, havteknologi, informasjonsteknologi, marinteknikk, organisasjon og leiing, radiografi, sosialt arbeid, sjukepleie, undervannsteknologi, vernepleie, teiknspråk og tolking, og mykje meir ved Høgskulen på Vestlandet sin campus i Bergen?
  • I Bergen kan du studere på topp moderne campusområde med svært gode fasilitetar.
  • Her finn du blant anna øvingsrom for musikk, dans og drama,ingeniørlabar, minisjukehus og idrettspark utstyrt med friidrettsanlegg. 

Bergen er ein super studentby med mange sosiale tilbod. Det bur så mange ulike menneske her og ein møter mange fine folk. Vi har ei god blanding av praktisk og teoretisk undervisning. Forelesarane er flinke til å aktivisere oss som studentar og det kan komme godt med i ein til tider tung studiekvardag.

Sjur Furuhaug (24) studerer grunnskulelærarutdanning 1-7 i Bergen

Les meir om campus Bergen her.