Førsteamanuensis

Liv Norunn Hamre

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap, underviser på bachelorprogrammet i Landskapspanlegging med landskapsarkitektur, og er for tida også studieprogramansvarleg for denne utdanninga.
 
Eg er interessert i samspelet mellom natur og kultur, korleis vi menneske påverkar landskapet rundt oss. Eg forskar på landskapsendringar over tid og landskapsøkologi, ved hjelp av historiske kart og fkyfoto, med GIS som eit viktig verktøy. Eg jobbar primært med effekta av endringar på vegetasjon, på skala frå landskap til poulasjonar av artar. Eg har jobba mykje med tradisjonelt kulturlandskap, men også fjellvegetasjon og vegetasjon langs vegkantar.
 

Aktuelle prosjekt:

- SURROUND (Sustainable urbanisation requiremets of small and medium sized
urban settlements and their surroundings). Arbeidspakke 2: Grøn infrastruktur - korleis har fortetting av urbane område påverka arealbruk og økosystemtenester i tettstader og deira omgjevnadar

- Endringar i ravinelandskapet i utvalde kommunar på Romerrike (studentprosjekt).
- Overvaking av artsrik slåttemark i Sogn og Fjordane (finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)
- Deltek i det internasjonale nettverket PLANTPOPNET, som studerer kva abiotiske og biotiske drivarar som bestemmer førekomst og overleving av arten smalkjempe (Plantago lanceolata) på globalt nivå. 

Underviser i

  • PL 416 Landskapsanalyse
  • BI 435 Landskapsøkologi
  • PL 416 Landskapsinngrep

Forskar på

  • Landskapsendringar ved hjelp av GIS
  • Vegetasjonsøkologi, primært kulturmark
  • Populasjonsbiologi

Forskargrupper

  • Landskap