Førsteamanuensis

Leif Hauge

Arbeids- og kompetanseområde

Cand. real frå Universitetet i Oslo. Sidan 1994 førsteamanuensis i landskapsøkologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane/Høgskulen på Vestlandet. Undervisning i fyrste omgang mot kulturlandskaps- og kulturminnefag.
FoU-aktivitet knytt til korleis menneket sin utnytting av naturressursane har påverka landskapet med særleg vekt på tradisjonell bruk av kulturlandskapet.
Arbeider også med visuell dokumentasjon (foto) av bruk og tilstand for det tradisjonelle kulturlandskapet. Har kunstfagleg bakgrunn og er medlem av Norske billedkunstnere.
Medforfattar av bøkene "Skjøtselsboka for kulturlandskap og gamle norske kulturmarker", "Trær og tradisjon, bruk av lauvtrær i kulturlandskapet" og "Ville vekster for hager og grøntanlegg"

Underviser i

  • Kulturminneforvaltning
  • Kulturlandskapsskjøtsel
  • Rom og design
  • Miljø- og forvaltningsrett

Forskar på

  • Kulturlandskapsfag
  • Kulturminnefag