Høgskulelektor

Bente Gunn Melheim

Arbeids- og kompetanseområde

Eg har vore tilsett ved sjukepleieutdanninga i Førde sidan 1996. Arbeidet er knytt til praksisoppfølging av sjukepleiestudentar med praksisstudiar i heimesjukepleie. Eg rettleiar på skriftleg arbeid og føreles om ernæring med hovudvekt på kommunehelsetenesta. I tillegg har eg emneansvar for helsefremjande og førebyggande arbeid, der eg også underviser.

Eg er utdannna sjukepleiar frå Nordland sykepleierhøyskole i 1985. Arbeidserfaring har eg frå medisinsk og kirurgisk sengepost og frå sjukeheim. Eg vart høgskulelektor i 2004 etter fullført hovudfag i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen. I 2016 fullførte eg helsesøsterutdanning ved NTNU i Ålesund. Det gjer at eg i 2018 kombinerer arbeidet ved HVL med ei halv stilling i skulehelsetenesta.

Fagfellevurderte artiklar:
Melheim, B.G. (2007). Pasientopplevelser av måltidsfellesskap i sykehjem. Klinisk sygepleje 21(2):26-34
Melheim, B.G. & Hauge, S. (2010). Makt og motmakt i sykehjem. Refleksjoner over pasienters mulighet for maktutøvelse i lys av Michel Foucaults tankesett. Norsk tidsskrift for sykepleieforskning 12(3):28-36
Melheim, B.G. & Sandvoll, A.M. (2017). Ernæringskartlegginga i heimesjukepleien kan betrast. Sykepleien Forskning 10.4220/Sykepleienf.201764708.
Melheim, B.G. & Sandvoll, A.M. (2018). Nasjonale og internasjonale verktøy for å kartlegge ernæringsstatus hos heimebuande eldre. Fjordantologien 2018. DOI: 10.18261/9788215031224-2018-07.