Høgskulelektor

Toril Marie Terum

Arbeids- og kompetanseområde

Eg var utdanna sjukepleiar i 2003, og arbeidde frå 2007 til 2009 som høgskulelærar ved Høgskulen i Sogn og fjordane.
I perioden 2010-2011 var eg tilsett som utviklingskoordinator i Utviklingssenter for sjukeheiemar og heimetenester (USHT), Førde kommune.
Sidan 2011 har eg vore tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og fjordane, no Høgskulen på Vestlandet.
Mitt kompetanseområde er knytt opp til demensomsorg, med fokus på kommunikasjon, samhandling og pårørande.
Per i dag er eg stipendiat, finansiert 50% frå Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM) med midlar frå Norsk forskingsråd. Lokalt er Toril finansiert 25 % Førde kommune/USHT, Sogn og Fjordane, 12.5 % Høgskulen på Vestlandet og 12.5 % Helse Førde.

Forskar på

  • I mitt doktorgradsprosjekt ser eg på samanhengen mellom nevropsykiatriske symptom ved demens og grad av pårørandestress, mental helse og tidspunkt for innlegging i institusjon.