Programleiar

Wiggo Hustad

Arbeids- og kompetanseområde

Statsvitar (1986) og dr.polit (1997) frå Universitetet i Bergen.

Leiar for avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering ved HVL frå 1.8.2018.

Avdelinga har særleg utviklingsansvar for organisasjons- og leiarutvikling, ansvarleg utvikling og utnytting av digitale prosessar, samt stabil drift av eksisterande IT-løysingar og dokumentasjonstenester.

Eg var dekan ved avdeling for Lærarutdanning og idrett ved HiSF mellom august 2015 og januar2017 og leiar av organisasjonsutviklingsprogrammet ved HVL frå 1.2. til 31.12.2017.

Tidlegare organisasjonsforskar og -konsulent. Særleg oppteken av korleis organisasjonar lærer og forvaltar kunnskap.