Studieprogramansvarleg/førstelektor

Joar Fossøy

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er studieprogramansvarleg for idrett, fysisk aktivitet og kosthaldsutdanningane. Dette gjeld årseiningar, bachelor- og masternivå. Eg har mellom anna fagleg ansvar for at utdanningane innan fagområda held høg kvalitet, eg har ansvar for at utdanningsprogramma tilfredstiller forskifter og rammeplanar og eg har overordna ansvar for vidareutvikling av utdanningane og at dei held høg fagleg kvalitet.  HVL har idrett, fysisk aktivitet og kosthaldsutdanningar ved campus Sogndal, campus Stord og campus Bergen.

Eg har idrettsutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges idrettshøgskule med mastergrad i idrettshistorie. Har vore tilsett på høgskulen sidan 2010 og har hatt undervisningsansvar innan samfunnsvitskaplege emne og ballspel. Har òg tidlegare vore programansvarleg for bachelorutdanninga Idrett og Kroppsøving. Mine forskingsområde er idrettshistorie, fotball og media, idrett og profesjonalisering, idrett og samfunn og fair play i kroppøsvingsfaget

 

 

 

 

Underviser i

  • !D3-102 Idrett og samfunn (idrett årsstudium + PT)
  • ID3-317 Fordjuping fotball 1, Spelar- og ferdigheitsutvikling

Forskar på

  • Fotball og media
  • Idrett og profesjonalisering
  • Idrett og media
  • Fair play i kroppsøving og idrett
  • Idrett og globalisering

Forskargrupper

  • Læring i kroppsøving og friluftsliv
  • Idrett, utvikling og prestasjon