Førsteamanuensis

Eli Natvik

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er tilsett som førsteamanuensis på Avdeling for helsefag, Campus Førde. Arbeidsoppgåvene mine er i hovudsak knytt til Master i samhandling innan helse- og sosialtenester, kor eg er emneansvarleg for Vitskapsteori, underviser og rettleiar studentar. Eg har også rettleiingsoppgåver på Bachelorstudium i sjukepleie. For tida har eg forskarstipend, og dei aktuelle forskingsfelta er vektreduksjon etter alvorleg fedme og psykisk helse.

Eg har erfaring med kvalitative forskingsdesign og bruk av forskjellige analysestrategiar. Gruppe for Fenomenologisk helsefagleg forsking er ein viktig samarbeidspart.

Min bakgrunn er ein PhD i helsefag frå Universitetet i Bergen (2015), mastergrad i helsefag (2010), vidareutdanning i rettleiing (1999), fysioterapeututdanning (1996). Eg har lang erfaring med å arbeide som fysioterapeut i spesialisthelsetenesta.

Underviser i

  • Vitskapsteori og metode, Master i samhandling innan helse- og sosialtenester

Forskar på

  • Langvarige vektreduksjonsprosessar
  • Psykisk helse
  • Brukarmedverknad i forsking

Forskargrupper

Utvalde publikasjonar