Arbeids- og kompetanseområde

Eg jobbar først og fremst med eksternkommunikasjon, og leiar Team for formidling, synlegheit og mediekontakt. Eg brenn for å gjere fagfolk og forsking frå HVL tilgjengeleg for folk flest - få fram viktige forskingsfunn og hjelpe forskarar til å løfte stemma si i samfunnsdebatten. Eg hjelper også leiarar med å få fram viktige bodskap om HVL si rolle i samfunnet.

Her er nokre ting eg kan hjelpe med:

  • Populærvitskapleg formidling, slik som kronikk- og bloggskriving
  • Korleis nå fram med eit viktig bodskap i media
  • Førebuingar til intervju- eller debattsituasjonar
  • Artiklar for forskning.no
  • Kurs i formidling (eg er med på å organisere det årlege formidlingskurset for vitskapleg tilsette)

Eg jobbar også med internkommunikasjon og saker frå Campus Førde, der eg held til for det meste. Om lag ein gong i månaden leiar eg bokkafear på HVL-biblioteket, og samtaleleiing er noko eg trivast godt med. Teamet mitt har også planar om å utvide arbeidet vårt til å omfatte andre former for formidling, slik som podcast og videosnuttar om forsking.

Tidlegare har eg 15 års erfaring som avisjournalist, og eg har skrive fem dokumentarbøker. Den nyaste boka mi er Jølster hotell: historier frå eit asylmottak (Samlaget, 2017).