Førsteamanuensis

Marte Lange Vik

Marte Lange Vik
Epost: Send epost
Sogndal
HB, H-1032

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap og underviser på bachelorprogrammet for Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, og på masterprogrammet Climate Change Management.

Innan forsking er eg primært interessert i medverknad og demokrati i planlegging og forvaltning av landskap. Eg fullførte doktorgrad i landskapsgeografi frå ved NTNU i 2015, om implementering og iverksetjing av den europeiske landskapskonvensjonen (ELC) i Noreg og Danmark, med særleg fokus på gjennomførte tiltak og oppfattingar av demokrati, makt og landskapsverdiar.

Eg har også erfaring som samfunnsplanleggar frå Gjerdrum kommune, med ansvar og oppgåver innan overordna kommuneplanlegging og samarbeid og dialog med samfunnet utanfor kommuneadministrasjon, og frå Vestlandsforsking med berekraftig reiseliv, samt nærings- og samfunnsutvikling i og rundt større verneområde.

Underviser i

  • PL4-304 Climate change adaptation in land use planning
  • PL412 Landskapsinngrep
  • PL413 Miljø- og forvaltningsrett

Forskar på

  • Deltaking i arealplanlegging
  • Oppfattingar av demokrati
  • Bruk og forståing av landskap
  • Den europeiske landskapskonvensjonen

Forskargrupper

  • Landskap