Høgskulelektor

Solrun Samnøy

Arbeids- og kompetanseområde

Arbeider med sin PhD om lærarane si rolle i å fremja psykisk helse og trivsel hjå elevane. Prosjektet er eit samarbeid mellom HVL, Sogn regionråd og HEMIL-senteret ved psykologisk fakultet, UiB.

Samnøy er utdanna allmennlærar med fordjupning i spesialpedagogikk og motivasjonspsykologi, og med master i internasjonale relasjonar. Hennar praksis er variert, med omfattande undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgare utdanning, og dessutan mangeåring internasjonalt arbeid. Ho har utvikla ulike typar undervisningsopplegg, og held ofte kurs for lærarar, førskulelærarar og andre profesjonelle.

I lærarutdanninga er ho oppteken av å skapa engasjement og refleksjon hjå studentane, og av å utdanna lærarar som kan skapa det same hjå sine elevar. Ho arbeider for at lærarutdanninga kan bidra til sjølvrefleksjon hjå studentane, og støtta dei til å verta trygge nok på si oppgåve til at dei stadig også kan ha auga for elevane sine perspektiv.