Førsteamanuensis

Åshild Berg-Brekkhus

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er utdanna pedagog (Ph.D) og har mine arbeids- og kompetanseområder innan allmenn pedagogikk, didaktikk, praktisk pedagogikk, spesialpedagogikk samt yrkespedagogikk. Eg har grunnutdanning som sjukepleiar og mitt faglege, pedagogiske fundament tar særleg utgangspunkt i mellommenneskjelege aspekt, etikk og livskvalitetsperspektiv i utdanning- og opplæring. 

Eg har lang arbeidserfaring frå den videregåande skulen der eg har undervist i både studieforberedande og yrkesforberedande fag. Hovedinteressene mine er barn og unge si likeverd og rettferd til deltaking, danning og demokratisk inkludering, særleg med vekt på sosial ulikskap og forebyggjing av marginalisering. 

Innan HVL er arbeidsområda mine knytt til PPU, men eg har óg hatt undervisningsoppgåver innan Master i undervisningsvitenskap, Spesialpedagogikk, Rådgivningstudie samt HMS-studie. 

I doktorgradsarbeidet mitt har eg forska i kapabilitetstilnærminga (Capability Approach) og studert ungdom si kapabilitetsutvikling, eller deira reelle føresetnader, moglegheiter og friheit til å utvikle sitt potensial og delta på likeverdige vilkår i utdanning- og yrkesliv og i samfunn og demokrati. Mine forskarsinteresser omhandlar også spørsmål om den rolla yrke og arbeidsliv har eller bør ha i grunnutdanningane, og ungdom sine overgangar frå ungdomsskole til Vgs. og frå utdanning til arbeidsliv. 

 

Underviser i

  • Pedagogisk teori
  • Didaktikk
  • Praktisk pedagogikk
  • Kapabilitetstilnærminga
  • Yrkesopplæring
  • Pedagogisk filosofi
  • Kritisk demokratisk danning

Forskar på

  • Barn og unge si kapabilitetsutvikling
  • Demokrati og danning
  • Yrkesopplæring og overgangar mellom utdanning og arbeidsliv
  • Utviklingsarbeid i skulen 

Forskargrupper

Publikasjonar

  • Preparedness for Lived Democracy. Exploring the Value of Capabilities and Controversies in Education.

    Werler, Tobias Christoph, Berg-Brekkhus, Åshild (2022)
  • Alle barn er evnerike med stort læringspotensial.

    Berg-Brekkhus, Åshild (2021)
  • Capabilities as preparedness for work. A two-case study through the lens of the capability approach.

    Berg-Brekkhus, Åshild (2021)
  • Capability Approach: Et etisk og verdimessig grunnlag for å introdusere konfliktfylte tema i klasserommet? Raftostiftelsen, "Flytende Frykt", Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemettisme.

    Berg-Brekkhus, Åshild (2021)
  • Elevnær: Hva kjennetegner god undervisning.

    Berg-Brekkhus, Åshild (2021)
  • Vis alle