Arbeids- og kompetanseområde
- Dokumentasjonsforvaltning
- Brukarstøtte i Public360 - ta kontakt på brukarstottepublic360@hvl.no
- Varaverneombod for OUD
- Prosjektleiar for Periodisering av Public 360 - arkivperiode frå 01.01.2017 til 31.12.2025
Ny arkivperiode frå 2026 i Public 360
Ved utgangen til 2025 skal HVL avslutta dagens arkivperiode (2017–2025) i Public 360. Det blir ein ny arkivperiode og eit nytt funksjonsbasert klassifikasjonssystem (arkivnøkkel). Dette betyr at dagens arkivperiode vil bli stengt for all aktivitet ved årsskiftet, og vil deretter berre vere tilgjengeleg for søk og oppslag. Dei sakene som strekker seg over i ny arkivperiode får ny sak i ny periode med referanse til sak i gamal periode.
Arkivverdig dokumentasjon
Når ein arkivperiode er stengt, er det ikkje mogleg å leggja inn nye dokument eller oppretta nye saker i den avslutta perioden. Derfor må alt av arkivverdig dokumentasjon som høyrer til dagens arkivperiode registrerast før det er for seint.
Sjekkliste:
-
Sjekk e-postmapper, Teams og andre områder etter dokument som skal inn i Public 360
-
Alle må ferdigstilla dokument og avslutta saker. Alle sakene i Public 360 må avsluttast (du kan oppretta ny sak i ny arkivperiode med saksreferanse til sak i den avslutta arkivperioden)
-
Det er spesielt viktig at dei som sluttar eller byttar eining gjer dette før dei forlet eininga
Dette handlar om å sikre dokumentasjonen til HVL for framtida – ver venleg å sett av tid no.
Ta kontakt med brukarstøtten for hjelp