Arbeids- og kompetanseområde
Eg har utdanningsbakgrunn innan ernæring og folkehelsevitenskap, og har ein doktorgrad i matrelatert forbrukeratferd frå 2020. Eg har ei særleg interesse for kosthaldsvalg og matrelatert forbrukeratferd på befolkningsnivå, og synest det er spanande å undersøke korleis miljøet rundt oss påverkar matvala våre.
Ved HVL er ein del av stillinga mi knytt til Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, der eg blant anna arbeider med skulefaget mat og helse, og mat og måltid i skulen. Eg arbeidar for tida med LOTAS-prosjektet som er et forskningsprosjekt på mat- og helsefaget på ungdomstrinnet. Prosjektet fokuserer blant anna på elevmedverknad og læringsutbytte i mat- og helsefaget.
Tidlegare har eg jobba mykje med nudging som verkemiddel for å påverke matrelaterte val, samt undersøkt forbrukarar si meining om matrelatert nudging. Eg har også forska på faktorar som påverkar val av ultraprosesserte matvarer, samt samanhengen mellom tidspress og bruk av ultraprosesserte matvarer.
Underviser i
Bachelor i folkehelsearbeid, etter- og videreutdanning i folkehelsearbeid og lærarutdanninga i mat- og helse, samt rettleiar oppgåver på både på bachelor- og masternivå.
- Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet
- Folkehelsearbeid, nettstudium
- Grunnskulelærarutdanning i mat og helse, 1. - 7. trinn
- Grunnskulelærarutdanning i mat og helse, 5.-10. trinn
Forskar på
- Skulefaget mat og helse, elevmedverknad
- Forbrukeratferd i ein matkontekst
- Nudging og valarkitektur
- Ernærings- og kostholdskompetanse
Forskargrupper
Publikasjonar
-
En oversiktsstudie av empirisk forskning på det norske skolefaget mat og helse i perioden 2006-2023
-
Folkehelse og livsmestring i skolen
-
En studie om matmerkeordningene Nøkkelhullet og Brødskalaen blant norske ungdomsskoleelever
-
Pupil participation in the Food and Health subject
-
En oversiktsstudie av empirisk forskning på det norske skolefaget mat og helse i perioden 2006-2023.