Rådgivar

Marion Østenstad Sandal

Marion Østenstad Sandal
Epost: Send epost
Sogndal
BRAGE, B-1018

Arbeids- og kompetanseområde

Er praksiskoordinator ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved campus Sogndal. Ein viktig del av jobben min er å administrere praksisopplæringa i barnehagelærarutdanninga og utdanningane ved Idrett, friluftsliv og folkehelse. Som praksiskoordinator har eg særleg ansvar for å organisere og legge til rette for praksisopplæringa, og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane. Les meir om praksis på FLKI her.

 

Eg starta ved Høgskulen på Vestlandet i 2018 i Senter for Fysisk aktiv læring (SEFAL). Der har eg vore med å bygge opp og drive ei etter- og vidareutdanning i fysisk aktiv læring. Vil du finne ut meir om fysisk aktiv læring, gå inn på faltastisk.no/

 

Utdanna allmennlærar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, med årseining i kunst og handverk frå Høgskulen i Oslo (no Oslo Met). Har erfaring frå grunnskulen både i Oslo og Sunnfjord. Kvar fredag er eg lærar på Vassenden skule. Er difor tilsett i 80% stilling i HVL.