Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er den største lærarutdanninga og den nest største barnehagelærarutdanninga i landet. I tillegg har fakultetet utdanningstilbod og forsking innan idrett, friluftsliv, folkehelse, kunstfag og teiknspråk og tolking.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har om lag 5830 studentar og 545 årsverk fordelt på campusane i Bergen, Sogndal og Stord. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og har eit tett samarbeid med samfunn- og arbeidsliv.
Du kan lese meir om samarbeid innan lærarutdanning og kreative fag på denne sida, og meir om samarbeid innan friluftsliv og folkehelse på denne sida.
Dekanat
Administrasjonssjef
Fakultetet har fire institutt
- Institutt for idrett, kosthald og naturfag
- Institutt for kunstfag
- Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
- Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Fakultetet har tre fageiningar
Utdanning
Eining for utdanning er leia av prodekan Anne Kristin Rønsen.
Eininga har ansvar for bachelor-, master-, og vidareutdanningar i fakultetet.
Desse er organisert i fem studieprogramområder med kvar sin leiar:
- Barnehagelærarutdanningane - studieprogramleiar: Merete Økland Sortland
- Grunnskulelærar - inkludert GLU, LUPE og bachelor-SFO - studieprogramleiar: Bodil Kjesbo Risøy
- Idrett, fysisk aktivitet og kosthald - studieprogramleiar: Matthew Peter Shaw
- Kunstfagutdanningane - studieprogramleiar: Jonas Cisar Romme
- PPU, språk, tolk og master - studieprogramleiar: Arne Kaldestad
Studieadministrasjonen ved studieadministrativ leiar, Eli Borsholm, høyrer til i eininga og gir støtte til utdanningsverksemda i fakultetet.
Forsking
Eining for forsking er leia av prodekan Oded Ben-Horin.
Eininga har ansvar for fire arbeidsområde: forskingsprogram, forskingssenter, forskarutdanning og internasjonalisering.
Våren 2026 er det eit pågåande arbeid med ny struktur av forskingsorganisering ved fakultetet.
Arbeidsområda er organisert, blir leia og er administrert slik:
Fram til 2025
Fem forskingsprogram
- Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar (KKKP)
- Språk, kommunikasjon og læring (SKoL)
- Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking (PUF)
- Berekraft, medverknad og mangfald (BEREKRAFT)
- Idrett, fysisk aktivitet og kosthald (IFAK)
BARNkunne – Senter for barnehageforsking – Senterleiar: Elin Eriksen Ødegaard
Ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar – fagleg leiar: Solvejg Jobst
Forskarskulen NORBARN – prosjektleiar: Elin Eriksen Ødegaard
Internasjonalisering – programleiar: Erlend Eidsvik
Administrasjonen er sett saman slik:
- Forskingsrådgjevar Aina Alvsvåg, eining og forskingsprogram
- Seniorrådgjevar og professor Knut Steinar Engelsen, eining og forskingsprogram
- Seniorrådgjevar Stine Soltvedt Jakobsen, ph.d.-program
- Rådgjevar Rasmus Eide Bjørkli Johansen, ph.d.-program
- Forskingskoordinator Olga Shangina Williams, BARNkunne
- Koordinator Hanne Birgitte Israelsen, NORBARN
Nyskaping og regional utvikling
Eining for nyskaping og regional utvikling er leia av prodekan Sigurd Sandvold.
Eininga har ansvar for regional kompetanseutvikling, inkludert lærarutdanningsskular- og barnehagar, samarbeid med eksterne, studentrekruttering.
Programleiar for etter- og vidareutdanning er Osvald Lykkebø.
Eininga gir administrativ støtte til ekstern samhandling og eksternfinansiert utdanningsverksemd.