Arbeid med kvalitet i barnehagelærarutdanninga

På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram, kvalitet i emne og kvalitet i praksis.

Informasjon om studieprogram

FLKI tilbyr barnehagelærarutdanning på studiestadane Stord, Sogndal og Bergen. For meir informasjon om studieprogrammet, sjå desse lenkene:

Sentrale funksjonar for kvalitet i programmet

Studieprogramleiar

Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogramma i barnehagelærarutdanninga, har hovudansvar for oppgåver i linje frå prodekan og er leiar for leiargruppe barnehagelærarutdanning.

Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVLs system for arbeid med kvalitet i utdanningane.

Leiargruppe

Leiargruppa ved barnehagelærarutdanninga består av studieprogramleiar og assisterande instituttleiarar med felles heilskapleg ansvar for å leie studieplanlegging, studiegjennomføring og studieutvikling i utdanninga. Gruppa har ansvar for studieleiing og utdanningskvalitet på tvers av campus.

Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram, dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet, overordna ansvar for læringsmiljø og planlegging av utdanningsarrangement som studiestart, studentavslutningar med meir.

Leiargruppa lager årshjul med plan for oppgåvedeling. I tillegg samarbeider leiargruppa om  å finne gode løysingar for ansvars- og oppgåvedeling undervegs i studieåret. 

Medlemmer:

Administrativt utdanningsteam

Administrativ utdanningskoordinator ved barnehagelærarutdanninga har det overordna koordineringsansvaret for utdanninga, sitter i leiargruppa og er sekretær for studieprogramrådet for utdanninga.

Administrativ utdanningskoordinator:
Jeanette Haukeland Bakke (alle campus)

Det administrative utdanningsteamet har saman eit felles ansvar for barnehagelærarutdanninga i tillegg til å drive campusretta studierettleiing og praksiskoordinering.

Studierettleiarane sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming. Studentane kan kontakte studierettleiar for sin campus med spørsmål om studium, utdanningsplan, tilrettelegging, val av fordjuping, innpass av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, eller andre ikkje-faglege problemstillingar.

Studierettleiarar: 

Det administrative utdanningsteamet arbeider også med internasjonalisering i utdanninga. Vibeke Aaberg er studierettleiar med ansvar for utreisande studentar på barnehagelærarutdanninga.

Praksiskoordinatorane organiserer og legg til rette for praksis. Dei informerer om praksis i samarbeid med profesjonsrettleiarar og fagansvarleg. Praksiskoordinatorane har også særleg ansvar for å administrere praksisopplæringa og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane.

Praksiskoordinatorar:

Studieprogramråd barnehagelærarutdanningane og master i barnehagekunnskap

Studieprogramrådet er eit rådgivande organ for studieprogramleiar og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.

Sjå mandat og medlemmar for studieprogramråd via denne lenkja

Studentmedverknad

Kvar klasse skal velje to studenttillitsvalde. Oversikt over tillitsvalde skal vere tilgjengeleg i Canvas. Studieprogramleiar avklarer kven som har ansvar for å gjennomføre valet i dei ulike klassane og når valet skal gjennomførast. 

Meir informasjon om val av tillitsvalde finn du via denne lenka.

Profesjonsrettleiarar

Profesjonsrettleiarane i BBL har ansvar for å følgje opp studentar og praksisstader. Dei samarbeider med studieprogramleiar om å utvikle godt læringsmiljø for studentane og godt samarbeid med praksisstadene. Profesjonsrettleiarane er hovudkontakt for studieprogramleiar, assisterande instituttleiarar, praksiskoordinator og studierettleiar ved studieprogrammet. Dei er faglege hovudkontakter for leiinga ved praksisstadane, praksislærarane og praksisrettleiarane til studentane, og har eit særleg ansvar for rettleiing og vurdering av studentar i praksis.

 

Rulleringsplan for periodisk studieprogramevaluering

Her finn du informasjon om studieprogramevaluering i utdanninga. Anonymisert evaluering skal gjennomførast kvart fjerde år.
 

Kvalitet i emne

Studentmedverknad

Studentar kan i det daglege gi tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer. I hovudsak er referansegruppemøter valt som oppfølgingsform i emne på barnehagelærarutdanninga.

Til referansegruppa blir to studentar (ein medlem og ein vara) valt til å delta i midtvegsevaluering og sluttevaluering av emnet. Her blir viktige aspekt som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med faglærarar og emneansvarleg.

Om det er valgt referansegruppe, kan ein student som har tilbakemeldingar på eit emne kontakte referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.

Oversikt over referansegruppemedlemmer skal vere synleg i Canvas og i Kvalitetshåndboka. I nokre emne vert det gjennomført klassemøter i staden for referansegrupper, der kvaliteten på emnet blir diskutert i plenum med studentar, faglærarar og emneansvarleg i emnet. Det blir også gjennomført jamnlege anonyme elektroniske evalueringar i alle emna i utdanninga.  

Problemstillingar knytt til emnet tas i hovudsak opp i referansegruppemøta. Om problemstillingar som er tatt opp i dette forumet ikkje fører fram, har studentar høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.

Emneansvarlege

Emneansvarleg for eit emne har det overordna faglege ansvaret i emnet. Det inkluderer ansvar for:

  • emneplan
  • timeplan
  • pensumliste
  • obligatoriske arbeidskrav
  • vurdering
  • gjennomføring og evaluering av emnet

Emneansvarleg er sentral for kvalitetsarbeidet på emnenivå ved å vere ansvarleg for kvalitetsutvikling og revidering av emneplan.

Du finn ei nærare oversikt over emneansvarleg sine oppgåver i denne lenka

Evaluering og oppfølging

Med utgangspunkt i det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane for HVL har det blitt utarbeida retningslinjer og malar for referansegruppene:  

Emnerevisjon, ekstern sensur og anonyme undersøkingar

 


Kvalitet i praksis

Medverknad frå praksisfelt og arbeidsliv

Ansvar: studieprogramleiar og assisterande instituttleiar

  • Innspel gjennom studieprogramråd
  • Innspel gjennom møter med eksterne

Praksiskoordinator

Praksiskoordinatorane er ein del av administrativt utdanningsteam. Dei organiserer og legg til rette for praksis. Dei informerer om praksis i samarbeid med profesjonsrettleiarar og fagansvarleg.

Praksiskoordinatorane har eit særleg ansvar for å administrere praksisopplæringa og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane. Praksiskoordinatorane utarbeider og evaluerer gjeldande retningslinjer og rutinebeskrivingar for praksisgjennomføringa. Praksiskoordinatorane samarbeider tett med profesjonsrettleiarane om gjennomføring av praksis i utdanninga.

Evalueringar av praksis

I barnehagelærarutdanninga vert praksis evaluert gjennom ei eiga praksisevaluering i regi av praksiskoordinatorane.