Arbeid med kvalitet i utdanningane ved FLKI

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett tilbyr ei rekke utdanningar frå årstudium til ph.d. Vi har utdanningar som går på ein campus og utdanningar som går på tvers av dei tre campusane i fakultetet.

I arbeidet med kvalitet i utdanningane er det oppretta ei rekke roller og ansvarsområde som til saman skal sørge for at rammene for kvaliteten studentane opplever er gode. Arbeidet bygger på HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane.

I FLKI går studieprogramma på tvers av institutta. Emna i studieprogramma har dei enkelte institutta ansvar for. I Canvas vil den enkelte student finne informasjon knytt til sitt eige studieprogram og enkeltemna studenten er meldt opp i.

Kvalitet i studieprogram, emne og praksis