
Arbeid med kvalitet i kunstfagutdanningane
På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram, kvalitet i emne og kvalitet i praksis.
Informasjon om studieprogramma
Studieprogram som ligg til studieprogramområdet
- Drama og anvendt teater, bachelor
- Kunstfag, bachelor
- Kunstfag, master
- Kunst og handverk, årseining
- Musikk, årseining
- Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 (LUPE) - studieretning for musikk (opptak 2022)
Rammeplanar
Sentrale funksjonar for kvalitet i programmet
Studieprogramleiar
Studieprogramleiar er Jonas Cisar Romme.
Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogramma innan kunstfagutdanningane, har hovudansvar for oppgåver i linje frå prodekan Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVLs system for arbeid med kvalitet i utdanningane.
Leiargruppe
Leiargruppe kunstfag består av studieprogramleiar og assisterande instituttleiarar. Dei har eit felles heilskapleg ansvar for å leie studieplanlegging, studiegjennomføring og studieutvikling.
Gruppa har ansvar for studieleiing og utdanningskvalitet på tvers av campus.
Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram,
dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet, overordna ansvar for
læringsmiljø og planlegging av utdanningsarrangement som studiestart og
studentavslutningar med meir. Leiargruppa lagar årshjul med plan for
oppgåvedeling. I tillegg samarbeider leiargruppa om å finne gode løysingar for ansvars- og oppgåvedeling undervegs i studieåret.
Medlemmer:
- Jonas Cisar Romme, studieprogramleiar
- Charlotte Tvedte, assisterande instituttleiar (årseiningar, bachelor og master)
- Guri Margrethe Giæver, assisterande instituttleiar (EVO)
Administrativt utdanningsteam
Utdanningsteamet består av studierettleiarar og praksiskoordinatorar og samarbeider på tvers av campus. Ein i teamet er utpeikt som administrativ leiarkontakt.
- Administrativ leiarkontakt: Eirik Hårstad Meslo
Det administrative utdanningsteamet har saman eit felles ansvar for å gi administrativ støtte til kunstfagutdanningane, inkludert campusretta studierettleiing og praksiskoordinering.
Studierettleiarar
Studierettleiarane sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar,
kvalitetsarbeid og sakshandsaming. Studentane kan kontakte studierettleiar for sin campus med spørsmål om sitt studium, utdanningsplan, tilrettelegging i studieløpet, fagval for dei utdanningane som har det, godskriving av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, eller andre ikkje-faglege problemstillingar.
Studierettleiarar:
- Eirik Hårstad Meslo (bachelor drama, bachelor og master kunstfag)
- Vibeke Henriette Kvarven (årseningar)
Praksiskoordinatorar
Praksiskoordinatorane administrerer praksisopplæringa i kunstfagutdanningane og er i tett kontakt med studentane, praksisstadane og fagmiljøet på fakultetet.
Praksiskoordinatorane informerer om praksis i samarbeid med fagansvarleg. Dei har også særleg ansvar for å organisere og legge til rette for praksisopplæringa, og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane.
Praksiskoordinatorar:
- Katharina Reksten Tufteland (årseiningar)
- Frøy Hege Loe (drama)
- Laila Elise Vindenes (LUPE)
Studieprogramråd
Studieprogramrådet er eit rådgivande organ for studieprogramleiar og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.
Sjå mandat og medlemmar for studieprogramråd via denne lenkja
Dokumentasjon av kvalitetsarbeidet for kunstfagutdanningane
Det er utarbeida eit eige mappesystem i Sharepoint med namn «Dokumentasjon frå kvalitetsarbeid i HVL».
Kvalitet i studieprogram
Studiebarometeret
Studiebarometeret er ei årleg nasjonal undersøking om studentane sin opplevde studiekvalitet. Undersøkinga blir sendt ut til ca. 65 000 studentar som går andre studieår på bachelor- og masterprogram. Når data frå undersøkinga føreligg har leiargruppa ein gjennomgang, evaluering og oppfølging av data saman med dei aktuelle studieprogramma.
Kvalitet i emne
Emneansvarlege sitt ansvar
Kvart emne i dei ulike studieprogramma har ein emneansvarleg.
Arbeidsoppgåvene varierer noko frå studieprogram til
studieprogram, men er i all hovudsak å ha det overordna faglege ansvaret i emnet.
Det inneber mellom anna ansvar for:
- Å lage timeplan og koordinere med andre emneansvarlege/ studiekoordinatorar
- Å planlegge emnet og ressursfordeling
- Å koordinere emne og faglærarar (interne og eksterne)
- Å koordinere eksamen og konteeksamen (inkl. sensor, sensorveiledning)
- Revisjon av emneplan
- Pensum
- Å følgje opp obligatorisk læringsaktivitet og fråvær – i dialog med studiekoordinator for studieåret
- Gjennomføring og evaluering av emne (referansegruppemøte m.m.)
- Å organisere og administrere emne i Canvas
- Primærkontakt for studentane i emnet
Studentmedverknad
Studentar kan i det daglege gi tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer. I hovudsak er referansegruppemøter valt som oppfølgingsform i emna.
I referansegruppa deltek to studentar (klassetillitsvald og vara) i midtvegsevaluering og sluttevaluering av emnet. Her blir viktige aspekt som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med faglærarar og emneansvarleg.
Om det er valgt referansegruppe, kan ein student som har tilbakemeldingar på eit emne kontakte referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.
Oversikt over referansegruppemedlemmer skal vere synleg i Canvas og i Kvalitetshåndboka. I nokre emne vert det gjennomført klassemøter i staden for referansegrupper, der kvaliteten på emnet blir diskutert i plenum med studentar, faglærarar og emneansvarleg i emnet. Det blir også gjennomført jamnlege anonyme elektroniske evalueringar i alle emna i utdanninga.
Problemstillingar knytt til emnet tas i hovudsak opp i referansegruppemøta. Om problemstillingar som er tatt opp i dette forumet ikkje fører fram, har studentar høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.
Kvalitet i praksis
Studieprogramleiar og assisterande instituttleiar har ansvar for medverknad frå praksisfelt og arbeidsliv gjennom innspel frå studieprogramråd og innspel i møter med eksterne.
Administrativt utdanningsteam, ved praksiskoordinator, har i samarbeid med emneansvarlege ansvar for å skaffe praksisplasser og følgje opp og vere i dialog med praksisstadene.
Praksis evaluerast av studentane i samarbeid med faglærar i etterkant av dei ulike praksisperiodane.
Oppfølging av kvalitetsarbeidet
Kvaliteten i studieprogram og emne blir evaluert gjennom periodisk
studieprogramevaluering, studieprogramråd, studieprogramevaluering,
referansegruppemøter og emnerapportar i tillegg til studiebarometeret.
Leiargruppa for kunstfagutdanningane har årlege møter med tillitsvalde studentar knytt til kunstdanningane på kvart campus. Aktuelle tema å ta opp er:
Kva er bra og kva kan forbetrast?
Gjennomgang av referansegruppemøtereferat, midtvegsmøter, sluttmøter,
emnerapportar, praksis og studiebarometeret
Kortsiktige og langsiktige forslag til endringar/tiltak
Kvalitetsarbeid som sak i studieprogramrådet
Alle studieprogram ved HVL skal kvart studieår vurderast og evaluerast i
studieprogramrådet. Studiebarometeret blir nytta i dette arbeidet
Studieprogramleiar legg i tillegg kvart studieår fram sak om
oppfølgingsform på emne, rulleringsplan for anonym evaluering og ekstern
sensur for studieprogramrådet.
Studieprogramrådet gir råd om eventuelle endringar/tiltak