Studentdemokrati og studiekvalitet ved FLKI

Engasjement frå studentane har stor betydning for å utvikle kvaliteten på utdanningane som blir tilbydd ved HVL.

Studentar påverkar sin eigen studiekvardag og dei framtidige studietilboda ved utdanningane gjennom å bidra med erfaringar og tilbakemeldingar gjennom kanalane som finst på dei ulike nivåa i organisasjonen.

Studentråd

På fakultetet sit det 24 tillitsvalte studentar frå alle studieprogram i eit Studentråd. Fakultetet har for å sikre betre studentmedverknad oppretta eit forum mellom studenttillitsvalte og leiinga på fakultetet. Her sit programtillitsvalte studentar på tvers av studiestadar saman med dekan, prodekan for utdanningskvalitet og leiar av kvalitetsteamet på fakultetet. I tillegg er det campusbaserte studentråd på dei tre studiestadane Sogndal, Stord og Bergen.

Kontakt Studentrådet på e-post her.

Fakultetsrådet ved FLKI

Fakultetsrådet ved FLKI er rådgivande for dekan om kvalitetsarbeidet ved fakultetet. I Fakultetsrådet sit to valde studentrepresentantar som utgår frå og svarar til Studentrådet, desse blir kalla fakultetstillitsvalte (FTV). Dei fakultetstillitsvalte studentane fungerer også som kontaktpunktet mellom studentane og studentdemokratiet ved HVL sitt høgaste organ, Studenttinget.

Studentmedverknad på fakultetet skjer også i det daglege gjennom referansegrupper, klassemøter, evalueringar, Sei ifrå-systemet, studentundersøkingar og gjennom studenttillitsvalte frå kvar klasse i studieprogramma. Les meir om studentmedverknad ved HVL her.