Fakultetsråd FLKI

Fakultetsrådet er rådgivande organ for dekanen ved fakultetet.

Mandat for fakultetsråd i HVL

Fakultetsrådet skal vere eit rådgjevande organ til fakultetet i overordna, strategiske saker som dekan legg fram. Rådet kan også på eige initiativ løfte fram saker av strategisk karakter. Dette er særleg viktig i saker som bidrar med eksterne perspektiv som styrker samfunnsrelevansen til fakultetet si verksemd.

Medlemane i fakultetsrådet representerer ikkje særinteresser, men skal ha heilskapen i fakultetet si verksemd knytt til strategiske målsettingar som rettesnor.

Det skal haldast 3-4 rådsmøte i året, med møtevarigheit på inntil 3 timar. Første møte i ein rådsperioden skal utvidast med gjennomgang av mandat, rolleforståing og forventingsavklaring blant rådet sine medlemar.

Funksjonstid og samansetnad

Rådet si funksjonstid følgjer dekanane sine åremålsperiodar.
Rådet vel sjølv sin leiar, som er ansvarleg for leiing av møta i rådet. Leiar kan vere ein ekstern representant. Dekan er ansvarleg for sekretariatsfunksjon for rådet. Alle representantar skal ha vara.

Fakultetsrådet er satt saman slik:
• Dekan
• Inntil 3 representantar frå vitskapleg tilsette ved fakultetet
• 1 representant frå administrativt tilsette ved fakultetet
• Inntil 4 eksterne representantar
• 2 studentrepresentantar

Medlemmer i rådet

UF-representantar:

Varamedlemmer, UF-representantar:

TA-representant:

Varamedlemmer, TA-representant:

Studentrepresentantar:
Lisa Andersen og Helene Lohne.

Eksterne

  • Sølvi Olrich Sørebø: Seniorrådgjevar KS på utdanning og oppvekstområde
  • Mats Petter Sydengen: Seksjonsleiar utdanningsområde barnehage og skole, Statsforvaltaren i Vestland
  • Hillevi E. Runshaug: Områdeleiar i avdeling for opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune
  • Bodil Ryste: Idrettsfagleg rådgjevar, Vestland idrettskrets

Vara: 
Namn kjem snart

Reni Herland, sekretær

Her finn du sakslister og referat