Medverknad for studentar

Kva kanalar for medverknad og tilbakemelding har studentar ved HVL?

Rammeverket for systematisk arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL viser roller og ansvar og aktivitetar for kvalitet i emne, studieprogram og studieportefølje, samt læringsmiljø og utdanningsfagleg kompetanse ved HVL.

Alle studentar

Alle studentar ved HVL kan medverke og gi tilbakemeldingar gjennom å:

  • delta i klassens time og andre møteforum der heile klassa møter t.d. faglærarar, emneansvarleg eller koordinatorar
  • melde seg som referansegruppemedlem og gi tilbakemeldingar til faglærar/emneansvarleg
  • svare på emneundersøkingar, det nasjonale studiebarometeret og andre studentundersøkingar

I tillegg kan alle studentar nytte Sei ifrå, dersom dei har behov for å gi melde om uønska hendingar eller varsle om alvorlege hendingar.

Studenttillitsvalde på alle kull

Studieprogramansvarleg har ansvar for at studentane vel studenttillitsvalde og vararepresentantar for desse på alle kull. Har eit studieprogram fleire studiestader, skal det veljast éin studenttillitsvald per kull på alle studiestadene.

  • Alle studenttillitsvalde ved HVL høyrer til eit av studentråda ved HVL
  • Utvalde studenttillitsvalde representerer studentane i studieprogramrådet.
  • Studenttillitsvalde blir inviterte på seminar, diskusjonsforum og andre møtepunkt på fakultets- og institusjonsnivå

Tillitsvaldhandboka

Utnemnde og valde studentrepresentantar

Studenttinget på Vestlandet (STVL) er det øvste studentpolitiske organet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Studentane ved HVL er representerte i alle råd, utval og nemnder med mynde til å ta avgjerder på fakultets- og institusjonsnivå i høgskulen. Studenttinget organiserer og vel studentrepresentantar til desse råda og utvala.

Studentsamskipnaden og studentforeiningar

I tillegg til å medverke og gi tilbakemeldingar til HVL, kan studentar også medverke i andre forum som påverkar det heilskaplege læringsmiljøet:

  • Saman – Studentsamskipnaden på Vestlandet driv mellom anna treningssenter, barnehagar, helsetenester, bustadar, kafear. I styret har studentane fleirtal og styreleiaren er også ein student.
  • På alle fem campus er det aktive studentforeiningar.