Arbeid med kvalitet i idrett, friluftsliv- og folkehelseutdanningane

På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram, kvalitet i emne og kvalitet i praksis.

Informasjon om studieprogramma

FLKI tilbyr utdanningar innan idrett-, friluftsliv- og folkehelse på studiestadane Sogndal, Bergen og Stord: 

Følgande studieprogram ligg til studieprogramområdet

Studieplanar

Sentrale funksjonar for kvalitet i programma

Studieprogramleiar

Studieprogramleiar: Matthew Peter Shaw.

Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogramma innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane, har hovudansvar for oppgåver i linje frå prodekan og er leiar for utdanningsleiinga innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane. Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane.

Leiargruppe

Leiargruppa innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane består av studieprogramleiar og assisterande instituttleiarar. Dei har eit felles heilskapleg ansvar for å leie studieplanlegging, studiegjennomføring og studieutvikling innan idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane. Gruppa har ansvar for studieleiing og utdanningskvalitet på tvers av campus. Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram, dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet, overordna ansvar for læringsmiljø og planlegging av utdanningsarrangement som studiestart og studentavslutningar med meir. Leiargruppa lagar årshjul med plan for oppgåvedeling. I tillegg samarbeider leiargruppa om å finne gode løysingar for ansvars- og oppgåvedeling undervegs i studieåret.

Administrativt utdanningsteam

Utdanningsteamet består av studierettleiarar og praksiskoordinatorar og samarbeider på tvers av campus. Ein er utpeikt som administrativ leiarkontakt.

Det administrative utdanningsteamet har saman eit felles ansvar for administrativ støtte til idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane, inkludert campusretta studierettleiing og praksiskoordinering.

Studierettleiarar

  • Studierettleiarane sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming. Studentane kan kontakte studierettleiar for sin campus med spørsmål om sitt studium, utdanningsplan, tilrettelegging i studieløpet, fagval for dei utdanningane som har det, godskriving av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, eller andre ikkje-faglege problemstillingar.

Studierettleiarar:

Praksiskoordinatorar

  • Praksiskoordinatorane administrerer praksisopplæringa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og er i tett kontakt med studentane, praksisstadane og fagmiljøet på fakultetet. Praksiskoordinatorane informerer om praksis i samarbeid med fagansvarleg. Dei har også særleg ansvar for å organisere og legge til rette for praksisopplæringa, og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane.

Praksiskoordinatorar:

Studieprogramråd for idrett-, friluftsliv-, og folkehelseutdanningane

Studieprogramrådet er eit rådgivande organ for studieprogramleiar og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.

Sjå mandat og medlemmar for studieprogramråd via denne lenkja

Årshjul for møter

  • Digitalt utdanningsmøte ved studiestart, eit fysisk campusmøte (haust), eit digitalt møte (vår)
  • Studieprogramråd (to møter haust og to møter vår)

Studentmedverknad

Ansvar: studieprogramleiar

  • To studenttillitsvalte (hovud og vara) vert vald i kvar klasse. Oversikt over tillitsvalte skal vere synleg i Canvas for studentar og Sharepoint for tilsette.
  • To studenttillitsvalte sit i studieprogramrådet.

Dokumentasjon av kvalitetsarbeidet for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane

Det er utarbeida eit eige mappesystem i Sharepoint med namn «Dokumentasjon frå kvalitetsarbeid i HVL». All dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet til idrett-, friluftsliv-, og folkehelseutdanningane skal samlast i mappe der. Lenke av referansegruppereferat skal i tillegg leggast synleg i Canvas for studentar. 

Kvalitet i studieprogram

Emneansvarlege med koordinerande ansvar på tvers av emne

Bachelorprogramma og master i idrettsvitskap har ein emneansvarleg med koordinerande ansvar på tvers av emne. Arbeidsoppgåvene varierer noko frå studieprogram til studieprogram, men er i all hovudsak å:

  • Ha eit overordna ansvar for studieåret/studieprogrammet; planlegging, gjennomføring og utvikling
  • Koordinere emneansvarlege og nødvendige møtepunkt for utdanninga
  • Revidere studieplan
  • Organisere og administrere kull-romma i Canvas

Studiebarometeret

Studiebarometeret er ei årleg nasjonal undersøking om studentane sin opplevde studiekvalitet. Undersøkinga blir sendt ut til ca. 65 000 studentar som går andre studieår på bachelor- og masterprogram. Når data frå undersøkinga føreligg har leiargruppa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane og lærarutdanning kroppsøving og idrettsfag ein gjennomgang, evaluering og oppfølging av data saman med dei aktuelle studieprogramma.

Studieprogramevaluering

Dialogmøte med emneansvarlege med koordinerande ansvar på tvers av emne, profesjonsrettleiarar, emneansvarlege, studieveiledarar og praksiskoordinatorar mot slutten av kvart studieår. Dette møtet vil ha fokus på programevaluering der kvalitetsarbeidet er ein sentral del. Studieprogramleiar kallar inn til desse møta og det vert skrive referat/oppsummering.

Periodisk studieprogramevaluering

  • Periodisk studieprogramevaluering vart gjennomført:
    • 2019 for bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse
    • Årseining idrett/kroppsøving – 2022
    • Årseining personleg trenar – 2022
    • Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet – 2024
    • Master i idrettsvitskap – 2024
    • Bachelor idrett, trening og helse – 2025
    • Bachelor friluftsliv – 2025
  • Planlagde periodiske evalueringar:
    • Årsstudium kroppsøving og idrettsfag 2027
    • Årsstudium personleg trenar 2027


Kvalitet i emne

Emneansvarlege

Kvart emne i dei ulike studieprogramma har ein emneansvarleg. Arbeidsoppgåvene varierer noko frå studieprogram til studieprogram, men er i all hovudsak å ha det overordna faglege ansvaret i emnet. Sjå sjekkliste for emneansvarlege ved HVL.

Studentmedverknad

  • Studentar kan i det daglege gje tilbakemelding til faglærarar og emneansvarleg om korleis emnet fungerer
  • To referansegruppemedlemmar blir valt i kvar klasse
    • Det blir valt eigne referansegrupperepresentantar på valemna på 3.studieår i Sogndal
  • To studentar frå kvar klasse deltek i referansegruppemøter. Her blir sentrale tema som fagleg innhald og opplegg, læringsmiljø og læringsutbytte i emne diskutert saman med emneansvarleg, studiekoordinator og eventuelle faglærarar.
  • Om ein student har tilbakemeldingar på eit emne, kan studenten kontakte eit referansegruppemedlem som kan ta dette vidare til evaluering i referansegruppemøte. Les meir om referansegrupper her.
  • Oversikt over referansegruppemedlemmar skal vere synlege i Canvas.
  • Om studenten ikkje ynskjer å ta opp problemstillingar knytt til emnet gjennom referansegrupperepresentantane eller dialog med faglærar/emneansvarleg, har den høve til å melde ifrå gjennom HVL sitt Sei ifrå-system.

Evaluering og oppfølging

Med utgangspunkt i det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane for HVL har det blitt utarbeida retningslinjer og malar for referansegruppene, og rulleringsplanar for ekstern sensur og anonyme undersøkingar i emne:

Idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane har studieprogram frå halvtårseiningar til master. Det skal vera systematikk i kvalitetsarbeidet, men dei ulike studieprogramma har ulike rutinar og behov. Alle oppfølgingsformene ovanfor blir ikkje nytta for kvart studieprogram. Leiargruppa for idrett-, friluftsliv og folkehelseutdanningane legg opp til at nokre studieprogram kan nytte seg av emnerapport medan andre kallar inn til avsluttande dialogmøte. Her vel emneansvarleg det som høver best.   


Kvalitet i praksis

Medverknad frå praksisfelt og arbeidsliv

Ansvar: studieprogramleiar og assisterande instituttleiar

  • Innspel gjennom studieprogramråd
  • Innspel gjennom møter med eksterne

Administrativt utdanningsteam, ved praksiskoordinator, har i samarbeid med  emneansvarlege ansvar for å skaffe praksisplassar og følgje opp og vere i dialog med praksisstadene.

Evalueringar av praksis
Praksis evaluerast av studentane i samarbeid med faglærar i etterkant av dei ulike praksisperiodane.


Oppfølging av kvalitetsarbeidet

  • All dokumentasjon av kvalitetsarbeidet til idrett-, friluftsliv-, og folkehelseutdanningane blir lasta inn i «kvalitetsmapper» i SharePoint. Desse er tilgjengelege for alle tilsette. SharePoint-lenka til referansegruppemøta blir òg lagt i Canvas slik at alle studentar har lesetilgang til mappene.
  • Kvaliteten i studieprogram og emne blir evaluert gjennom periodisk studieprogramevaluering, studieprogramråd, studieprogramevalueringsmøter, referansegruppemøter og emnerapportar i tillegg til studiebarometeret.
  • Leiargruppa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane har studieprogramevalueringsmøter med alle studieprogramma mot slutten av kvart studieår der tema er kvalitetsarbeid. Aktuelle tema å ta opp er:
    • Kva er bra og kva kan forbetrast?
    • Gjennomgang av referansegruppemøtereferat, midtvegsmøter, sluttmøter, emnerapportar, praksis og studiebarometeret
    • Kortsiktige og langsiktige forslag til endringar/tiltak
    • Leiargruppa for idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane har årlege møter med tillitsvalde studentar knytt til idrett-, friluftsliv- og folkehelseutdanningane på kvart campus.
  • Kvalitetsarbeid som sak i studieprogramrådet
    • Sakene i årshjulet for studieprogramrådet er knytt til krava i rammeverket for systematisk arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL.
    • Studieprogramleiar skal kvart studieår leggje fram ei sak for studieprogramrådet der ein drøftar korleis ein følgjer opp studieprogrammet og emna.