Idrett, trening og helse

Bachelor

Vil du jobbe med idrett, trening eller folkehelserelatert arbeid? Med denne utdanninga får du ein aktiv arbeidskvardag der du kan bety mykje for andre menneske. Du kan velje mellom to studieretningar: idrett og trenarrolla, eller trening, fysisk aktivitet og helse.

Gode undervisings- og treningsfasilitetar på campus Sogndal dannar ei unik ramme for utdanninga. Vel du campus Sogndal har du i tillegg kort veg til fantastisk natur ved Sognefjorden, Sogndalsfjella og Jotunheimen. I denne bachelorutdanninga har du valet mellom to studieretningar: idrett og trenarrolla eller trening fysisk aktivitet og helse.

Undervisninga vekslar mellom teoretisk forelesning og praktisk undervisning. I desse undervisningsformene er det prosjekt- og gruppearbeid, individuelle oppgåver og individuell vegleiing. Det blir lagt vekt på studentaktive læringsformer og eigeninnsats.

Studieretning idrett og trenarrolla

Studieretninga idrett og trenarrolla passer for deg som vil vera trenar eller aktivitetsleiar for ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå, eller som tenkjer å studere videre for å undervise i kroppsøving og idrettsfag i skulen. Studiet skjer i tett samarbeid med organisert idrett i klubb, krets og forbund, og kan gje sertifisert trenarutdanning i utvalde idrettar som fotball og klatring. For studentar som er i sertifiseringsløp i ein spesifikk idrett (t.d. fotball) vil obligatorisk læringsaktivitet i dei ulike emna vera tilpassa spesialiseringsidretten. Studiet har ein trenarprofil og tema som coaching, treningslære og ferdigheitsutvikling blir knytt til eit breitt spekter av idrett og aktivitetar som fremjar læring og utvikling.

Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse

Studieretninga trening, fysisk aktivitet og helse passer for deg som vil jobbe med trening og fysisk aktivitet i treningssenterbransjen eller innan yrker med helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande arbeidsoppgåver, som f.eks. folkehelsekoordinator eller på rehabiliteringsinstitusjon. Studiet har ein folkehelsefagleg profil der du lærer om samanhengar mellom åtferd, fysisk aktivitet og helse, men også korleis gjennomføre fysisk aktivitet og trening tilpassa til ulike individ og grupper (unge, eldre, pasient/kunde, idrettsutøvarar).

Praksis

Studieretning idrett og trenarrolla: I denne studieretninga er praksis plassert i alle tre studieåra. Praksisen er knytt til trenar- og veiledarfunksjon, samt organisasjonspraksis i idretten. Praksisen blir gjennomført som punktpraksis 1. og 2. studieår fordelt på 20 og 40 timar. I det 3. studieåret er praksis organisert som to vekers samanhengande eller punktpraksis med same omfang.

Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse: I denne studieretninga er det tre veker praksis i 2. studieår, medan i 3. studieår er det to veker praksis. Begge praksisperiodar er knytt til rehabiliteringsinstitusjon eller annan yrkesrelevant arbeidsplass.

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelor kan du ta master i idrettsvitenskap ved HVL eller søke master ved andre institusjonar. Ein kan også ta praktisk-pedagogisk utdanning ved HVL og dermed bli kvalifisert til jobb i skuleverket. Etter fullført master kan ein søke opptak til eitt av doktorgradsprogramma ved HVL.

Utveksling

Det er tilrettelagt for utveksling ved utanlandske institusjonar i 5. semester.