Friluftsliv

Bachelor

Vil du ha ein jobb der du kan vere ute i naturen? Med ein bachelor i friluftsliv får du dei kunnskapane og ferdigheitene som trengst for å formidle natur- og meistringsglede til andre menneske.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i Samordna opptak

    203302

    Opptakskrav

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere friluftsliv?

    Gjennom teori, praksis og ekskursjonar får du ei bachelorutdanning som gjer at du kan rettleie og legge til rette for naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

    Sertifiseringar innan Norsk Fjellsportforum, Norges Klatreforbund, Norges Padleforbund og Norges Idrettsforbund inngår i utdanninga, og gir deg moglegheit til å fullføre ulike utdanningsstigar i løpet av bachelorutdanninga.

    Du kan studere friluftsliv ved campus Sogndal, der har du den flotte naturen rett utanfor døra. Som friluftslivstudent får du bruke fjorden og fjella som ein naturleg del av utdanninga di, mellom anna gjennom fordjuping i aktivitetar som topptur og fjellskiturar, klatring, havkajakk og brevandring. Den korte vegen til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus, dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i undervisninga.

    Korleis er undervisninga?

    Undervisnings- og læringsformene er varierte og vekslar mellom forelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid og bruk av digitale læringsplattformer. Som friluftslivstudent, får du øve deg på å rettleie mindre studentgrupper frå andre klassar i basisfriluftsliv. 

    Gjennom studiet lærer du:

    • å planlegge og gjennomføre turar i ulike miljø (padling, klatring, ski, bre og fotturar)
    • å vurdere eigen kompetanse, og tilpasse turar for ulike grupper med ulike ferdigheiter
    • grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv sommar og vinter
    • om teoretisk perspektiv på friluftslivets historie, friluftsliv i dagens samfunn, naturfilosofi, friluftslivspedagogikk og -forvaltning.
    • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver
    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Praksis i friluftsliv

    I andre studieår har du to veker samanhengande praksis i skuleverket, ved institusjonar i helsesektoren eller anna friluftslivsrelevanet institusjonar. I tillegg har ein enkelte praksisdagar knyt til friluftslivsundervisning i skulesamanheng.

    Meir informasjon om praksis i friluftsliv.

    Søke opptak direkte til 2. studieår?

    Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb. 

    Studentar som har årsstudium friluftsliv må søke seg inn på bachelorutdanninga gjennom samordna opptak. Dei vil då få eit tilpassa studieløp der dei tek 1. og 3. år på bachelorutdanninga.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utstyrsliste

    Sjå veiledande utstyrsliste her. 

    Utveksling

    Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

    Kor kan du reise?

    Samarbeidspartnere i Norden

    Danmark

    Sverige

    Finland

    • University of Jyväskylä
    • Haaga-Helia University of Applied Sciences

    Island

    Litauen

    Latvia

    • Latvian Academy of Sport Education

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i friluftsliv kan du søke deg inn på master i idrettsvitskap, master i samhandling og folkehelse, og master i sosialvitenskap ved HVL.

    Etter endt bachelorgrad og mastergrad, kan du søke deg vidare på årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (karakterkrav C), og bli kvalifisert for å undervise frå 5. til 13. trinn. Etter fullført master kan du også søke opptak til eitt av doktorgradsprogramma ved HVL.

     

    Andre utdanningar du kanskje vil like