Hopp til innhald

University of the Highlands and Islands

University of the Highland and Island er ein institusjon med 13 campus rundt omkring i Skottland. Til saman er 40 000 studentar knytt til institusjonen. Haustsemesteret i Skottland går vanlegvis frå midten av september til slutten av desember. Vårsemesteret går frå midten av januar til slutten av mai.

Våre studenter studerer som regel i Fort William, ein tettstad på landsbygda med kort veg til ymse villmark. Fort William ligg eitt stykke nord for Glasgow og Edinburgh.

Gjeld for

Campus Sogndal.

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling her: www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL

Kva kan du studere?

Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium, Sogndal

Studenter på bachelorgradene i idretts- og friluftsliv ved Campus Sogndal kan dra på utveksling til the University of the Highlands and Islands i 6. semester.