Samhandling og folkehelse

Master

Master i samhandling og folkehelse gjer deg rusta til å tilrettelegge og koordinere helse- og sosialtenester for menneske som har behov for langvarige og samansette tenester.

Kvifor studere samhandling og folkehelse? 

I studiet er det gjennom brukarsentrert utviklings- og livsfaseperspektiv fokus på møte med brukarar som har behov for koordinerte helse- og sosialtenester, med vekt på helsefremjande og førebyggande tilnærming.

Du kan studere samhandling og folkehelse ved campus Bergen, Stord/Haugesund eller Førde/Sogndal

Etter master i samhandling og folkhelse kan til dømes jobbe med personar som har muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar, rusproblematikk, langvarige somatiske sjukdomar, som til dømes KOLS, diabetes II, demens og overvekt, og eldre med helse- og funksjonssvikt. Andre gruppe kan vere barn og unge med ulike typar vanskar, og menneske med utviklingshemming.

Kva lærer du?

  • Sette i verk, leie og evaluere innovasjonar og tenesteutvikling retta mot enkeltindivid og mot ulike brukar- og pasientgrupper.
  • Leie, koordinere og tilrettelegge for samanhengande og heilskaplege tenester til brukarar og pasientar med samansette behov.
  • Arbeide helsefremjande og førebyggande med brukarar og pasientar med samansette behov.
  • Arbeide direkte brukar- og pasientretta.
  • Legge til rette for brukar- og pasientmedverknad.

Innhald i studiet

Du får ei variert og studentaktiv undervisning med førelesingar og dialog, fleirfaglege refleksjonsgrupper og gruppearbeid, caser, seminar og skriftlege oppgåver med krav til refleksjon og analyse. I tillegg til planlagde læringsaktivitetar må du sette av tid til fordjuping i pensumlitteratur og til skriftlege oppgåver.

Vi vektlegg arbeid med skriveprosessar, analytiske ferdigheiter og munnleg og skriftleg argumentasjon.

Studiet er samlingsbasert med tre ulike klassar:

  • ein klasse i Stord/Haugesund (undervisinga vekslar mellom Stord og Haugesund)
  • ein klasse i Bergen
  • ein klasse i Førde/Sogndal (undervisinga vekslar mellom Førde og Sogndal)

Det blir tre samlingar over tre-fire dagar kvart semester.

Valemne

Innpass

Det er mogleg å søkje innpass for andre emne på masternivå. Maksimalt kan du få innpass for 30 studiepoeng.

Andre emne tatt ved HVL eller andre utdanningsinstitusjonar kan innpassast etter søknad. Dersom du ønskjer å ta emne ved andre utdanningsinstitusjonar, bør du fyrst søke om førehandsgodkjenning av emna hos programansvarleg. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke at du oppfyller forkunnskapskravet til desse emna.

 

Timeplan

Dato og stad for samlingane (campus eller digitalt) kjem i løpet av april.

Vi tek atterhald om at det kan bli endringar.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.