Fem grunnar til å studere i Sogndal

I Sogndal er trivselsfaktoren så høg at fleire av studentane våre blir igjen i bygda.

1. Eventyrlege opplevingar i spektakulær natur

Rundt Sogndal finn du noko av den vakraste og villaste naturen i verda. Her er kort veg til bratte fjell, djupe dalar, isblå fjord og majestetiske isbrear. Puddersnøen har gjort bygda berømt, og her er gode moglegheiter for skikøyring både i og utanfor løypene.

Likar du stisykling, har du eit stor utval av løyper å velje blant. Det er eit stort klatremiljø i Sogndal, og du har tilgang til eit stort klatreanlegg på campus og gode utandørs klatrefelt.

Sogndal har eit unikt studentmiljø der det er veldig enkelt å bli kjend med andre studentar. Det sosiale ved studentlivet kjem eg til å hugse for resten av livet.

Øyvind Straumsheim, student

2. Lett å være aktiv  

Studietida er meir enn berre skule. Det er ei tid der ein skaper minne for livet, og det har du så absolutt anledning til i Sogndal! Vi har eit aktivt studentmiljø med mange moglegheiter til å engasjere seg. 

Vi har studentorganisasjonar for deg som er glad i turar, vil prøve ut dykking eller padling, er glad i lagidrettar eller har lyst til drive med foto, musikk eller stå i studentbaren, for å nemne noko. 

3. Kjenn deg som heime

På campus Sogndal er det trygt og godt å vere. Undervisninga er lagt opp på ein måte som gjer at du blir godt kjent med klassen din. Lærarane kan namnet ditt, og dørene er alltid opne om du lurer på noko.

4. Alt på ein plass

På campus Sogndal finn du alt du treng for å ha ein god studiekvardag. Her finn du mange grupperom og leseplassar, og eit lyst og luftig bibliotek. Du finn også ei flott kantine i toppen av Høgskulebygget, og ein koseleg kaffibar. Ute på campus kan du spele volleyball, klatre eller berre ta ein pause i lag med venner.

Vegg i vegg med Høgskulebygget ligg det eit stort treningsanlegg der du kan drive med mellom anna klatring og fotball. Her finn du også treningssenter.

5. Få meir ut av døgnet

Sogndal er ein liten plass der det skjer mykje! Korte avstandar mellom hybel, høgskule, studentaktivitetar og natur gjer det lett å fylle dagane. Det er berre minutt å gå frå hybelen til campus, butikkar eller studenthuset Meieriet der du finn kafé, pub og konsertarena. Og vil du ta deg ein topptur før forelesning, så rekk du det også!