Hopp til innhald

MS1-328 Prosjektplan

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studenten utforme prosjektplan for masteroppgåva. Gjennom arbeidet med prosjektplanen skal studenten planlegge og førebu arbeid med eige masterprosjekt.

Prosjektplanen skal vere med på å sikre fagleg- og vitskapleg kvalitet, og effektiv framdrift og gjennomføring av masteroppgåva.

Emnet tar for seg korleis studenten kan setje eige prosjekt inn i ein samfunnsmessig og fagleg kontekst ved å vere tydeleg på kva slags fenomen, problem eller erfaringar masterprosjektet relaterer seg til.

Prosjektplanen skal synleggjere den logiske strukturen i masterprosjektet, kva som er måla med det, og kva som er strategien for å nå desse måla.

Emnet legg vekt på korleis tema og problemstillinga legg føringar for val av forskingsdesign og metode.

Emnet legger vidare vekt på korleis studenten skal ivareta personvern og forskingsetiske retningsliner, og gir ei innføring i søknadsprosess og meldeskjema til SIKT/REK med fokus på korleis studenten skal behandle personopplysninger i eige forskingsprosjekt.

Masteroppgåva kan skrivast individuelt eller to studentar saman. Om ein skriv to saman så skriv ein felles prosjektplan.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • kan planleggja og utvikla eige forskingsprosjekt.
  • har innsikt i moglege finansieringskjelder for helse- og sosialfagleg forsking.
  • kan anvende etiske prinsipp og relevante etiske retningslinjer i eiga prosjektplan.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan demonstrere logisk og systematisk tenking i tema med relevans for eige forskingsprosjekt
  • kan beherska prosjektbeskrivingsformatet
  • kan anvende lovverket om personvern i forhold til prosjektutvikling, datasamling og datalagring

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan diskutera utfordringar og strategiar ved bruk av ulike forskingstilnærmingar/-metodar.
  • kan vurdere overføringsverdi/generaliserbarhet i forskingsprosjektet
  • kan gjera avvegingar om forskingsetiske spørsmål i helse- og sosialfagleg forsking .

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Bør ha gjennomført emnet MAMET1SF-1

Undervisnings- og læringsformer

Emnet har ei felles digital forelesing via Zoom

I tillegg skal studenten levere inn utkast til prosjektplan og gje og få skriftleg tilbakemelding frå medstudent via Canvas

Forelesing, sjølvstudium, rettleiing, digitale kollokviegrupper via Zoom

Studenten har krav på inntil tre rettleiingar på prosjektplanen

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 90 % deltaking på felles digital undervisningsdag
  2. Minimum ein rettleiingstime med tildelt rettleiar
  3. Innlevering av utkast på prosjektplan i Canvas med obligatorisk tilbakemelding til medstudent

Godkjende læringsaktvitetar er gyldig i fire påfølgjande semester

Vurderingsform

Oppgåve
Prosjektplanen skal skrivast individuelt eller i gruppe på to studentar

Omfang:
2000 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der karakteren F er Ikkje bestått

Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen, kan student/-ane levere bearbeidd versjon av prosjektplanen til ny vurdering ein gong. Eksamen vert sett opp i byrjinga av påfølgjande semester

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel