Fem grunnar til å studere på Stord

Velkommen til den finaste campusen i landet, tett på både fjell og hav!

1. Kort veg til «alt»

På øya vår har du alt du treng rett i nærleiken. Vegen er kort til forelesarar om du treng hjelp – dei har gjerne kontor med ope dør på same gangen som du får undervisning! Frå studentheimen på campus er det 100 meter til flotte øvingsrom, treningsrom, kunstgrasbane, park og friluftsliv. Er du ein heilårsbadar? Du går til eit bad i sjøen på kortare tid enn du bruker på sjekke instagrammen din.

Og skal du heim, eller kanskje ein svipptur til storbyen? Buss, båt og fly bringer deg enkelt fram. Kystbussen køyrer deg til Bergen og Stavanger på cirka to timar, og Haugesund på èin. Stord har faktisk også sin eigen flyplass med Stordflyet som tar deg til og frå Oslo, og vidare ut i verda - og heim att.

2. Unike friluftsområde – eit Noreg i miniatyr

Det er ikkje utan grunn at campusen på Stord blir kalla den finaste campusen i landet. Høgskuleområdet er omkransa av Hardangerfjorden og det ruvande Stordfjellet. Ein tursti tar deg langs sjøen, rundt campusområdet og ned til den populære stranda.

Havet, fjorden og innsjøar inviterer til hobbyer som padling, fisking, dykking, bading og øyhopping. Over Stordfjella kan du gå på langrenn med panoramautsikt til Folgefonna, høgfjella i Kvinnherad og Hardangerfjorden. Til fots er det uendelege turmoglegheiter til skogs, til fjells og til toppar. Klarversdagar gir utsyn ein kan bli mållaus av. Kanskje kan du sjå England borti horisonten i vest? Du får alle Noreg sine særpreg i eitt kinderegg i Sunnhordlandsregionen.

04406.jpg

Stovegolvet på Stord. Foto: André Marton Pedersen, Bergen og Hordaland Turlag.

3. Mange aktivitetar på og nær campus

Som student på campus Stord er det enkelt å engasjere seg og vere sosial. Eit aktivt studentmiljø inviterer deg til å vere fysisk aktiv,  til gøyale lag med andre studentar, til å påverke utdanningane og studiekvardagen gjennom tillitsverv, Studenttinget og andre studentorganisasjonar. I lokalsamfunnet på Stord finst det òg eit rikt utval av idrettar, andre fritidsaktivitetar og kulturtilbod du kan ta del i - både som utøvar og publikummar.

03225.jpg

4. Moderne utstyr og fasilitetar til det du brenn for

Musikk, helsestudium, kunst og handverk. I tradisjonsrike omgivnadar får du tilgang til topp moderne utstyr og fasilitetar i utdanninga di, og på fritida. Høgskulen er tett på arbeidslivet, og har mellom anna eit mini-sjukehus som øvingslab, der sjukepleiestudentar kan trene. Øvingsrom og velutstyrt innspillingsstudio står til din disposisjon i musikkavdelinga. I den nye læringslabben får du leike deg med topp moderne digitale verktøy som 3D-printarar, innspelingsstudio og lyd-, bilde- og videoredigering.

Musikkutstyr.jpg

5. Lev grønt i samspel med naturen

Som student og bebuar på campus Stord, får du høve til å leve i tråd med naturen. Lån elsykkel frå HVL og kom deg raskt og miljøvenleg frå fjorden til sentrum i Leirvik. Dyrk dine eigne grønnsaker og planter i det nye drivhuset i høgskulehagen. Følg med på honningproduksjonen i bikubane. Ta ein kvil i hengekøya. Fisk middagen din frå sjøen utanfor studentheimen. Et kveldsmat i gapahuken. Berre fantasien set grenser for korleis du kan leve i samspel med naturen hos oss.

04319(1).jpg