Tverrfaglig utdanning i psykososialt arbeid med barn og unge

Etter- og vidareutdanning

Ønskjer du kunnskap om betydninga av psykiske og sosiale forhold i arbeid med barn og unge? Vil du også ha kompetanse om tverrfagleg samhandling og tenesteutvikling i praksis, så er dette ei utdanning for deg.  

Kva lærer du?

  • Barn og unge sine psykiske- og sosiale forhold i eit helsefremjande og førebyggjande perspektiv.
  • Tverrfagleg samhandling og tenesteutvikling på tvers av sektorar og fagprofesjonar
  • Livsmeistring og folkehelse
  • Fagutvikling og rettleiing
  • Praksisnær undervisning

Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge er på mastergradsnivå.

Er du tilsett i ein kommune eller fylkeskommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Statsforvaltaren om kompetanse- og innovasjonstilskot.

Organisering av studiet

Studiet er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudium over to år (fire semester) med tilsaman 12 samlingar à 3 dagar. Det vert både fysisk undervisning og digital undervisning via Zoom. Det blir lagt opp til sjølvstudium og tverrfaglege studentaktive læringsformer mellom samlingane.

Høgskulen på Vestlandet tilbyr utdanninga på oppdrag frå Helsedirektoratet. Hausten 2023 kan du søke opptak til Stord/Haugesund eller Førde.

Samlingsplan

Samlingar for haust 2023 og vår 2024, med forbehold om endringar:

  • Tysdag, onsdag og torsdag veke 36 campus Haugesund og Førde
  • Tysdag, onsdag og torsdag veke 42 campus Stord og Førde
  • Tysdag, onsdag og torsdag veke 47, campus Haugesund og Førde.
  • Tysdag, onsdag og torsdag veke 3, 10 og 17, campus Stord/ Haugesund og Førde.

Oppbyggig av studiet

1. semester:
PSBU101 Psykisk helse hos barn og ungdom -15 stp.

2. semester:
PSBU102 Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge - 7,5 stp.

PSBU105 Vitskapsteori, metode og etikk - 7,5 stp. 

3. semster: 
PSBU103 Organisering og samordning av tenestetilboda til barn og ungdom - 15 stp.

4. semester: 
PSBU104 Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma - 15 stp. 

 

Vil du studere meir?

Dersom du har fullført og bestått tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge, og ønskjer å ta ein mastergrad kan du søke om innpass og få godskreve 55 studiepoeng i masterprogrammet i samhandling og folkehelse.

Sjå video om studiet