Timeplan

Du finn timeplanen din i timeplansystemet TimeEdit. Du kan òg sjekke timeplanen via Canvas.

Du kan sjekke timeplanen via Canvas eller logge inn i TimeEdit. Om du ikkje kan eller vil logge deg på med Feide, vel du den opne timeplanen som alle kan sjå. Du kan søke etter studieprogram eller emne.

Finn timeplanen din i TimeEdit


Slik loggar du på for å finne din personlege timeplan:

  1. I TimeEdit vel du studentinngangen for din campus.
  2. Logg på med Feidepålogginga di.
  3. Du får no opp ein timeplan med alle emna du har i utdanningsplanen din. Merk at du må vere semesterregistrert for å kunne søke med studentnummer. Det vil gå nokre dagar frå du har registrert deg, til du får tilgang til timeplanen din.

Rom- og timeplanar for haustsemesteret blir publiserte 22. juni.

Rom- og timeplanar for vårsemesteret blir publiserte 17. desember.