Grupperombestilling

Grupperomma våre er mykje brukt. Her kan du sjå kva reglar som gjeld og korleis du går fram for å bestille rom.

Bestill grupperom


Grupperom kan nyttast i opningstida ved HVL.

På dei campus kor du må bruke studentkort for å låse deg inn, hugs å ta med studentkortet når du går ut slik at du kjem inn att.

Reglar for bestilling av grupperom

  • Du kan reservere grupperom tre dagar fram i tid (inkludert dagen i dag), og for maksimalt tre timar om gongen. Systemet opnar for reservasjon kl. 22.00.
  • Du har høve til å bestille grupperom på ein annan campus enn din eigen.
  • Minimum to studentar må vere til stades for å kunne bruke eit grupperom. 
  • Det er ikkje lov å manipulere reservasjonssystemet.
  • Dersom grupperommet ikkje er tatt i bruk innan 15 minutt etter reservasjonstidspunktet, kan andre bruke rommet. Denne regelen gjeld også grupperom som er reservert til undervisning i TimeEdit.
  • Du kan ikkje slette ein ubrukt reservasjon for å reservere same grupperom på eit seinare tidspunkt same dag.
  • Hugs å avbestille rommet dersom det ikkje vil bli brukt.
  • Rommet skal ryddast etter bruk; stolar og bord skal stå på plass, vindauge skal vere lukka, avfall skal vere fjerna.

Studentarbeidsplassar

Treng du ein plass der du kan sitje og arbeide? Sjå om du finn ein ledig plass på lesesalen.

På alle campusar kan du òg ta i bruk ledige auditorium og seminarrom som studentarbeidsplass. Desse romma kan du ikkje reservere. Bruk TimeEdit for å få oversikt over ledige rom. Velg inngangen «Student» i TimeEdit:

Finn fram på campus

Har du spørsmål om grupperomma, kan du kontakte Servicetorget.

Bergen

Du kan laste ned appen MazeMap på dei vanlege plassane, som App Store (Iphone) og Google Play (Android). Du kan søke t.d. etter eit romnummer, og får vite kvar på campus rommet er, og korleis du skal komme deg dit frå der du er.

Førde

Haugesund

Sogndal

Du kan laste ned appen MazeMap på dei vanlege plassane, som App Store (Iphone) og Google Play (Android). Du kan søke t.d. etter eit romnummer, og får vite kvar på campus rommet er, og korleis du skal komme deg dit frå der du er.

Du finn grupperom i Høgskulebygget, Fossbygget, Stadionbygget og Bragebygget. Finn fram på campus!

Stord

ANN står for annekset. FOR er Formingsbygget. UND er Undervisningsbygget (der studenttorget er). HOV er Hovudbygget, også kalla Eidsvoll. Finn fram på campus!