
Campus Haugesund
Høgskulebygget på campus Haugesund inneheld det meste av det du treng i studiekvardagen din.
Studere?
På campus Haugesund finn du undervisningsrom, bibliotek, læringssenter og arbeidsplassar med og utan datamaskiner. Vi har også lesesalar, grupperom og forskjellige laboratorium.
I tillegg har høgskulen eit eige simulatorsenter for studentar i maritime fag. På senteret finst det sju navigasjonsbruer for fullskala simulering, og tolv studentstasjonar på navigasjonslaboratoriet. På laben kan ein drive med instrumenttrening og trening knytt til lasteoperasjonar.
Svolten?
I høgskulebygget finn du ein kaffibar og ei kantine med godt utval av lunsj- og middagsrettar til gode studentprisar. Sjå opningstidene til kantine og kaffibar.
Sliten?
Rom 1044 er kvilerom for studentar som treng å kvile seg eller amme. Du er velkommen til å bruke kvilerommet ein avgrensa periode i løpet av dagen. Kvilerommet kan ikkje reserverast, og det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.
Amme?
Du er velkommen til å bruke kvilerom (rom 1044) viss du treng ro til å amme. Kvilerommet kan ikkje reserverast, og det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.
Stellerom?
Det finner du på rom 1044.
Trene?
Det er eit nyrenovert treningsrom i kjellaren som er gratis for medlemmer i studentidrettslaget.
Teleslynge?
Auditorium A, B, C og D har teleslynge.
Parkere?
Det er gratis parkeringsplassar på campus for bilar med parkeringsløyve.
Studentkvardag
Servicetorget i Haugesund
Ope kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 frå 15. mai til 15. september).


