Trent University
Det er omlag 7 200 studentar ved universitetet. Symons campus ligg flott til i småbyen Peterbourogh, som er ca 90 minutt frå Toronto.
Haustsemesteret går frå september til desember, medan vårsemesteret går frå januar til april. Ein må ta fem emne for å få tilsvarande 30 studiepoeng.
Du treng ikkje visum dersom du berre skal studere eit semester og vere i Canada under 6 månadar. Du må likevel ha eit Electronic Travel Authorization (eTA) bevis for å fly til Canada. Dette søker du om på nett. For opphald lenger enn 6 månadar må du søke om studentvisum.
Gjeld for
Campus Sogndal.
Språk
Du må ha 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande. Om du ikkje har det må du ta ein språktest, f.eks. TOEFL eller IELTS.
Studieavgift
Utvekslingsstudentar betalar skulepengar. I 2017 kostar det om lag C$ 11 000 per semester. Kostnader til bustad kjem i tillegg.
Faglig godkjenning
For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL
Kva kan du studere?
Friluftsliv, bachelorstudium, Sogndal
Du kan reise til Trent University i 6. semester.
Idrett og kroppsøving, bachelorstudium, Sogndal
Du kan reise til Trent University i 6. semester.
Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium, Sogndal
Du kan reise til Trent University i 6. semester.
Bachelor i økonomi og administrasjon
Du kan reise til Trent University i 5. semester.