University of Southern Denmark
Rundt 32 000 studentar er tilknytt University of Southern Denmark, rundt 20 % av desse er internasjonale studentar. Institusjonen sin hovudcampus ligg i Odense, men SDU har óg kampusar i Esbjerg, Kolding, København, Slagelse, Sønderborg og Flensborg. Haustsemesteret i Danmark varer frå august/september til desember. Vårsemesteret startar i januar, og varer til mai/juni.
Gjeld for
Bachelorgradar i idrett/kroppsøving og friluftsliv ved campus Sogndal.
Språk
Krav om B2 eller betre i engelsk.
Studieavgift
Som Nordplus-student betalar du ikkje skulepengar ved denne institusjonen. Som regel vil du kunne få eit Nordplus-stipend på toppen av støtta frå Lånekassen.
Faglig godkjenning
For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL