Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203703
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote 55,5
- Førstegangsvitnemål 52,1
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere fysioterapi?
Målet med fysioterapi er å utvikle, gjenvinne eller vedlikehalde den enkelte si funksjonsevne og å skape betre forhold for helse og livsutfolding. Bevegelse og kroppsleg funksjon er viktig for menneskeleg handling og samhandling.
Du kan studere fysioterapi ved campus Bergen.
Fysioterapi er eit praktisk yrke. Som fysioterapeut jobbar du med kropp og bevegelse i eit helseperspektiv. Fysioterapi er retta mot individ, gruppe og miljø. Du jobber med folkehelse, sjukdomsførebygging, behandling og rehabilitering. Fysioterapeutar samarbeidar ofte med andre helsepersonell og med ulike yrkesgruppe. Samfunnsutviklingen og endringar i befolkninga gir fysioterapeutar stadig nye utfordringar.
Kva kan du jobbe med?
Saman med eitt år godkjent turnusteneste, gir bachelor i fysioterapi deg rett til å søke om autorisasjon som fysioterapeut. Med utdanninga kan ein mellom anna få jobb innan:
- Kommunal helseteneste
- Sjukehus og institusjonar
- Bedriftshelseteneste
- Private fysikalske institutt
- Organisasjonar, til dømes idrettslag
Fysioterapeutar kan også arbeide i forvaltninga, til dømes hos fylkeslege, helsetilsyn eller i eit departement.
Lønn: Kva tener ein fysioterapeut?
Ifølgje Utdanning.no tener ein fysioterapeut i gjennomsnitt 603 240 kroner. Les meir om lønnsstatistikk for fysioterapeut på utdanning.no.
Korleis er undervisninga?
Arbeids- og undervisningsformar i studiet er førelesingar, ferdigheitstrening, praksisstudiar, gruppearbeid, prosjektarbeid og sjølvstudie, organisert individuelt, i gruppe, munnleg eller skriftleg.
For å utvikle praktiske ferdigheiter og øve på realistiske situasjonar, er rettleia ferdigheitstrening ein sentral del av alle tre åra. Denne ferdighetstreninga skjer i SimArena, som er eit moderne og velutstyrt simuleringssenter for alle studentane.
Praksis
- Første studieår: 1 + 3 veker observasjonspraksis
- Andre studieår: 11 veker i kommunehelseteneste / fysikalsk institutt og 1 veke innan helsefremmande/førebyggjande verksemd
- Tredje studieår: 10 veker i spesialisthelsetenesta
I alle tre åra vil det også vere pasientdagar. Du kan bli tildelt praksisplass utanfor Bergen.
Du må ha levert politiattest for å starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. Her kan du lese meir om politiattest.
Her finn du informasjon om praksis for fysioterapi
Her kan du lese meir om innhenting og fordeling av praksisplassar
Turnus etter utdanninga
For å bli godkjend fysioterapeut må du arbeide eitt år som turnuskandidat etter godkjend bachelorstudium, og deretter søke autorisasjon hos Helsedirektoratet. Turnusåret er lønna.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerar! Som utvekslingsstudent i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.
Vi har avtalar med institusjonar over heile verda: Europa, USA, Australia og Afrika. Du kan reise på utveksling i andre eller tredje studieår. Du kan velje mellom å ta eitt av praksisopphalda i utlandet eller å ta eit heilt semester med teoretiske fag eller ein kombinasjon av dei to.
Kor kan du reise?
Australia | Monash University
Belgia | Ghent University
Belgia | Vrije Universiteit Brussel
Danmark | VIA University College
Danmark | University College Absalon
Finland | Arcada University of Applied Sciences
Malawi | Kamuzu University of Health Sciences
Nederland | University of Applied Sciences Leiden
Portugal | Polytechnic Institute of Setúbal
Spania | University of the Balearic Islands, Palma Mallorca
Spania | UFV-Madrid
Spania | Fysiakos Fysioterapi
Sverige | Karolinska Institute
Tanzania | Haydom Hospital Arusha
Tanzania | Comprehensive Community Based Rehabilitation Tanzania (CCBRT)
Tanzania | Kilimanjaro Christian Medical Centre
Østerrike | Health University of Applied Sciences Tyrol