Praksis i fysioterapi
Her finn du praksisinformasjon til deg som er student i fysioterapiutdanninga.
Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.
Tildeling av praksisplass
Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas om kvar du får praksisplass.
Kvar du kan ha praksis i fysioterapi
Du kan få praksisplass i heile Vestland fylke, Rogaland og delar av Agder. Du må rekne med å reise bort i samband med praksis i løpet av studiet.
Arbeidstid og turnus
Du må rekne med noko variasjon i arbeidstida. Praksis for bachelorstudentar er på 36 timar pr veke. Dette inkluderer rettleiingstime med praksisrettleiar, og praksis-/kontaktlærer.
Tilrettelegging av praksis
Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, finn du meir informasjon på nettsida om tilrettelegging av praksis.
Vurdering av praksis
Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverar inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow.
Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis.