Klinisk fysioterapi

Master

Samfunnsutvikling, teknologiske endringar, aukande levealder og endra levevanar har stor betydning for sjukdomsbildet helsevesenet står overfor. Dette krev fysioterapeutar med gode kliniske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og evna til å halde seg oppdatert på ny kunnskap innan fagfeltet. I studiet master i klinisk fysioterapi kan ein velje mellom tre ulike studieretningar. 

Utdanninga har ikkje oppstart i 2023. Neste opptak blir i 2024.

Kvifor studere klinisk fysioterapi? 

Gjennom master i klinisk fysioterapi kan fysioterapeutar utvikle spesialisert klinisk og forskingsmessig kompetanse innan følgjande tre studieretningar:

  • Fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdommar
  • Fysioterapi ved muskel- skjelett, revmatiske og ortopediske helseproblem
  • Psykomotorisk fysioterapi

Samansette og komplekse tilstandar er aukande, og muskelskjelett-, psykiske- og psykosomatiske plagar, og hjerte- og lungesjukdommar er nokre av vår tids største helseutfordringar. Dette stiller stadig større krav til helsetenestene, og fysioterapi står sentralt når det kjem til helsefremjande tiltak, førebygging, undersøking og behandling av desse problema. 

 

Praksis

Du har praksis tilsvarande 10 veker fulltidspraksis, fordelt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Innhald i studiet

  • I første studieår blir det undervist i teoretiske basiskunnskapar og praktiske ferdigheiter innan valt studieretning. Du vil også lære å forstå ulike perspektiv på kropp, funksjon, helse og sjukdom. Vitskapsteori, etikk og metode er organisert som nettkurs.
  • I andre studieår arbeider du vidare med emne frå studieretninga du har valt, samt med masteroppgåva.
  • For dei som vel studieretninga Psykomotorisk fysioterapi, arbeider du videre med emne frå studieretninga du har valt og masteroppgåva.

Fysioterapi ved hjarte- og lungejukdommar

Du får kompetanse innan fysioterapi knytt til pasientar med hjarte- og lungeproblem i akutt og kronisk fase. Du kvalifiserer deg til spesialisert og utvida kompetanse i rettleiing, førebygging, undersøking, behandling, habilitering og rehabilitering relatert til desse problema.

Fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem

Du får avansert kompetanse innan undersøking og behandling av pasientar med muskel, skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem både innan primær- og spesialisthelsetenesta. Du blir ein viktig bidragsytar inn mot ikkje-kirurgiske behandlingsalternativ som tradisjonelt har hatt ortopedisk kirurgi som førsteval, og/eller i forbindelse med postoperativ rehabilitering.

Psykomotorisk fysioterapi

Du får avansert kompetanse i å undersøke og å tilpasse psykomotorisk fysioterapi til pasienter med et bredt spekter av livs belastninger, innan primær- spesialisthelsetenesten. Det blir lagt særleg vekt på ferdigheit og kunnskap om kroppsleg omstilling, samt relasjonell og ressursorientert kompetanse i samhandling med sårbare pasientar.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 750 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Vil du studere meir?

Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

Utveksling

Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet.

Kor kan du reise?