
Ergoterapi
Bachelor
Som ergoterapeut arbeider du med menneske i alle aldrar som på grunn av sjukdom, skade eller andre utfordringar har vanskar med å meistre daglege aktivitetar og delta i samfunnet.
Ein ergoterapeut skal fremme deltaking i meiningsfulle aktivitetar ved å gjere bruk av kunnskap og ferdigheiter om korleis samspelet mellom person, aktivitet og miljø påvirkar aktivitetsutføringa. Aktivitets- og funksjonsanalyse, metodisk og terapeutisk bruk av aktivitet, trening, rettleiing, og tilrettelegging av omgjevnader og/eller aktivitet inngår i arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten.
Som ergoterapeut arbeider du for å fremme helse, meistring, deltaking og livskvalitet. Dette krev at du har kunnskap om mellom anna psykologi, anatomi, fysiologi, sjukdomslære, etikk, pedagogikk, kommunikasjon og andre relaterte tema.
Utgangspunktet til ergoterapeutar ligg i mennesket sitt behov for å vere i aktivitet. Du vil vere nøkkelpersonell innan kvardagsrehabilitering, og skal tilrettelegge for at ein person eller ei gruppe kan fungere best mogleg i kvardagen.

Kva lærer du?
- å vurdere menneske sin funksjon, aktivitetsutføring og omgjevnader
- korleis du brukar tiltak som behandling, opptrening, tilpassing av omgjevnader eller tekniske hjelpemiddel som trengst i heim, arbeid, skule og fritid
- Du har undervisning knytt til rehabilitering, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, universell utforming, nevrologi, kroniske sjukdommar og grunngiving for intervensjon
Undervisningsformene vekslar mellom forelesingar, basisgruppearbeid, ferdigheits- og simuleringstreningar og seminar.
Praksis
- 1. studieår: 3 dagar (introduksjonsveke) + 7 veker
- 2. studieår: 11 veker
- 3. studieår: 11 veker
Du må rekne med reising i fleire av praksisperiodane. Vi har praksisplassar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Vest-Agder.
Du må levere politiattest ved studiestart slik at du kan gå ut i praksis i veke 37.
Her finn du informasjon om praksis.
Kva kan du jobbe med?
Ergoterapeutar samarbeider med brukarar av helse- og velferdstenestene. Du kan blant anna arbeide i kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta, NAV, skulehelsetenesta og i bedriftshelsetenesta. I sistnemnde teneste fokuserer ein hovudsakleg på helse, miljø og sikkerheit (HMS), og du kan arbeide som rådgjevar. Ergoterapeutar kan gå inn i andre stillingar òg, som for eksempel miljøterapeut.
Vil du studere meir?
Du kan ta ulike master- og videreutdanningar hos oss. Tar du ein master i kunnskapsbasert praksis, får du høve til å ta ein mastergrad innan ditt eige fagområde.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. og 3. studieår.
Kor kan du reise?
Belgia | VIVES University College
Belgia | Artevelde University of Applied Sciences
Belgia | Thomas More University of Applied Sciences
Danmark | University College Copenhagen
Danmark | VIA University College
Finland | Arcada University of Applied Sciences
Litauen | Lithuanian University of Health Sciences
Sverige | Linköping University
Sverige | Karolinska Institutet
Tanzania | Kilimanjaro Christian Medical Centre