Vernepleie

Ønskjer du å legge til rette for god livskvalitet for menneske med spesielle behov? Som vernepleiar arbeider du med å rettleie og tilrettelegge for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsvanskar.

Det spesielle med vernepleieutdanninga er at du både lærer om psykologi, sosialt arbeid og pedagogikk i tillegg til å lære om sjukdomar og legemiddel. Dermed har du som vernepleiar kunnskap til å hjelpe menneske med både sosiale utfordringar og helseutfordringar.

Arbeidet er særleg knytt opp til personar med utviklingshemming, men vernepleiaren jobbar også med menneske som har fysiske funksjonsvanskar, psykiske lidingar, rusproblem og aldersdemens.

Du har tverrfaglege emne som miljøarbeid, habilitering og rehabilitering, helsefag, psykologi, jus og samfunnsfag.

Som vernepleiar må du vere empatisk og omsorgsfull. Du må også ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Les meir om yrket på Utdanning.no

Praksis

Rundt 25 % av utdanninga består av praksis.

Utveksling

Du kan reise på utveksling til ein av våre mange partnarinstitusjonar rundt omkring i verda.

Kor kan du jobbe?

  • Helse- og sosialsektoren, til dømes kommunale heimetenester, dagtilbod, spesialisthelsetenesta
  • Nav, rusomsorg, psykisk helsearbeid
  • Eldreomsorg, skule og barnehage