Augsburg University

Augsburg University vart grunnlagd av norske immigrantar i 1869 og hovedcampus ligg i Minneapolis. Universitetet har om lag 4000 studentar frå 40 land. Augsburg University har 31 forskjellige akademiske avdelingar som tilbyr grader innan 50 faglege områder. Campus ligg ca. 5-10 minutter med light rail frå sentrum i Minneapolis, ved sida av University of Minnesota og eit av dei største sjukehusa i området.

Minneapolis er ein by mellom anna Prince og Bob Dylan alltid kom tilbake til. I sentrum har ein gode kulturtilbud som konserter, sport, samt eit bra uteliv. Det er og kort vei til byen St. Paul, som saman med Minneapolis vert kalla twin cities. Light railen fører deg også rett til Mall of America, Nord-Amerikas største kjøpesenter.

Gjeld for

Økonomi og administrasjon, Sosialt Arbeid, Vernepleie, lærerutdanning m.m.

Språk

Undervisinga går på engelsk. Undersøk med vertsinstitusjonen kva krav til dokumentasjon som gjeld.

Må du bevise språkkunnskapane dine ved opptak, kan du ta ein språktest, f.eks. TOEFL eller IELTS. Du bør melde deg opp til desse testane så tidleg som mogleg i søknadsprosessen, då plassane ofte raskt blir fylt opp.

Om du har 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande kan du bruke vitnemål som bekrefting på språkkunnskapar. Vitnemålet kan vere på norsk.

Studieavgift

Frå Lånekassen får same stønad som når du studerer i Noreg, i tillegg til reisestønad. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Ved denne institusjonen må du betale skolepenger og du kan du få stønad til dette frå Lånekassen. Skulepengesummen inkluderer bustad (dorm) og fleire måltid i veka. Du får meir informasjon om dette frå HVL i søknadsprosessen, men du kan og finne meir informasjon på vertsinstitusjonens nettside og på Lånekassens sider.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrar. Ein godkjend søknad innebærer blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?

Historie | bachelor

Du kan reise på utveksling til Augsburg i eitt semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson om kva semester som er aktuelt for deg.

GLU1-7

Studenter som ønsker å ta valgfag i musikk, RLE eller samfunnsfag kan gjøre det på Augsburg University. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.

Det vil i 2020/21 være mulig for studenter i et 5-årig lærerutdanningsprogram å søke om et Fulbrightstipend til opphold på minimum 4 måneder i USA. Les mer om Fulbrightstipendet her

Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn

Studenter som ønsker å ta valgfag i musikk, RLE eller samfunnsfag kan gjøre det på Augsburg University. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.

Det vil i 2020/21 være mulig for studenter i et 5-årig lærerutdanningsprogram å søke om et Fulbrightstipend til opphold på minimum 4 måneder i USA. Les mer om Fulbrightstipendet her

Økonomi og administrasjon | Bergen

Du kan reise på utveksling til Augsburg. Kva semester kjem an på kva campus du studerar på. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.

Vernepleie

Du kan reise på utveksling til Augsburg i 4. eller 5. semester. Snakk med faglig koordinator for din studiestad.

Sosialt arbeid

Du kan reise på utveksling til Augsburg i 3. eller 5. semester. Snakk med fagleg koordinator for din studiestad.

Historie | bachelor | nettstudium

Du kan reise på utveksling til Augsburg i eitt semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson om kva semester som er aktuelt for deg.