South-Eastern Finland University of Applied Sciences

South-Eastern Finland University of Applied Sciences (XAMK) blei danna i 2017 då høgskulene Kymenlaakso og Mikkeli slo seg saman. Universitetet er Finlands nest største med 4 campuser og 9300 studentar. Dei har fokus på digital læring, entreprenørskap og godt samarbeid med russiske partnere.

Gjeld for

Alle campusar.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta språktest på nettet før de reiser. Internasjonalt kontor informerer deg meir i forkant av testen.

Studieavgift

Du betalar ikkje skulepengar ved denne institusjonen og det kan være mogleg å få eit Erasmus+ stipend i tillegg til støtta du får frå Lånekassen.

Faglig godkjenning

For å søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber mellom anna at du har fått ei fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserar kva du skal gjere medan du er på utveksling og at disse aktivitetane blir godkjend som del av utdanningsplanen din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.